Ordførarar

Share

I går sende eg ut ei etterlysing på wikipedia. Eg kan godt fortelje om den her og.

Eg meiner at det er viktig at ein har artiklar om ordførarane i Noreg på wikipedia. I alle kommuneartiklane er det namn på kven som er ordførar. Etter kvart som leksikonet vert større, vil ein få fleire ordførarar og kanskje over tid vil det vere aktuelt med lister over ordførarar i dei ulike kommunane.

Noko av det fyrste eg gjorde då eg begynte å skrive på wikipedia, var å leggje inn ein artikkel om ordføraren i Valle, Steinar Kyrvestad. Du kan sjå den her: http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Kyrvestad

Då eg no i august tenkte på valet som kjem til hausten, slo det meg at det ville vere naturleg å ha informasjon om alle ordførarane i heile landet. På wikipedia er det slik at når ei lenke er raud, tyder det at det ikkje er nokon artikkel om emnet. Eit gløtt på lista over ordførarar i Aust-Agder viste at det bare var tre ordførarar som hadde fått artikkel. Men i går fullførte eg prosjektet når det gjeld Setesdal, så no er alle ordførarane i Setesdal på plass i wikipedia.

Det er diverre utruleg lite ein finn om dei på internett. Eg har vore rundt på heimesidene til kommunane. Alle har ei side med bilete av ordføraren og telefonnummer eller annan kontaktinformasjon. Men det står ikkje noko om kor lenge han har vore leiar av kommunestyret, ikkje noko om kva han gjorde før osb., slikt som det er naturleg at folk lurer på når dei møter kommunen sin representant.

Dermed blir artiklane bare stubber, som dei kallar det på bokmål. Dei kallar det spirer på nynorsk, det likar eg betre, for «spede spira lyt få stå». Kanskje kan artikkelen vekse litt?

Her er lenker til dei andre ordførarane i Setesdal:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kay_Jeiskelid
http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_A._Austad
http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rn_Alfred_Ropstad
http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Magne_Omdal

Og her er lenke til Alle ordførarartiklar i Aust-Agder: http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Ordf%C3%B8rere_i_Aust-Agder

Greitt å klikke på dei no før valet.