Så har eg runda 60

Share

Det vart eit stort oppslag i Setesdølen i går, og eg vil gjerne takke redaktør Sigurd Haugsgjerd for hyggeleg omtale i høve dagen. Det vart ein prat om mange ting i høve dagen, men han fekk jo fram det meste av det som eg er engasjert i, sjølv om bloggen ikkje vart med i samtalen vår. Med opp mot 200 lesarar kvar dag i august har det etter kvart blitt ein viktig del av det eg held på med, og eg vil takke dykk alle for at de les. Utan lesarar hadde det vore lite inspirerande å skrive.

Hyggeleg var det også at Sigurd fekk med samarbeidet med Niklos. Niklos har vore ein inspirator for meg i arbeidet i Valle radio, og det har blitt mange telefonsamtalar mellom oss om programma han skal ha. Etter kvart har vi fått ein modell for samarbeidet der han annankvar veke finn fram orgel- og kyrkjemusikk til tysdagskveldens Postludium. Det er ikkje plass til så mykje meir enn 15 til 17 minutt med musikk, det skal jo vere noko samtale og. Den ramma er ikkje lett å halde seg innanfor, men vi får det som oftast til. Eg har lært mykje om denne musikken av programma vi har hatt i lag og er imponert over det kontaktnettet han har og den kunnskapen han har om stoffet. Når han tysdag kjem med nytt program, ser det ut til at det er musikk av Johannes Brahms som står på lista hans, så du har noko å gle deg til.

Elles skreiv Sigurd om engasjementet mitt på wikipedia. Eg skriv på bokmålsversjonen, som har 125.000 artiklar, nynorsk har 25.000, og eg skriv litt der og. Vi burde nok hatt fleire artiklar frå Valle, Bykle og Setesdal, men det kjem vel etter kvart. Framleis har eg ikkje kome til å skrive om Rysstad, det er ei utfordring. Ta deg gjerne ein tur innom http://no.wikipedia.org/wiki/Valle og sjå om du finn noko du kan skrive om eller gje utfyllande kommentarar til.

Eg vil takke for helsingar og gode ord frå alle kantar av landet og sender tilbake ønske om velsigning og gode dagar til dykk alle.