Fotball for heimlause

Share

Når ein har TV2 sine kanalar på parabolen, kan ein kanskje få nok fotball ei helg. Laurdag, to kampar på sundag og måndag, slik er gjerne tilbodet til den som vil fylgje med på kva som skjer i eliteserien.

I helga kom eg til å lese i Stavanger Aftenblad. Der var det ein artikkel om Fotball-VM for hjemløse, som dei skreiv. Det skjedde i Danmark sist veke, og her er lenka til heimesidene for arrangementet i København: http://www.homelessworldcup.org/

Frelsesarmeens rusomsorg står bak det norske laget som er med for tredje gong i år. I fjor tapte dei alle kampane, målet er å vinne i alle fall ein kamp. Før arrangementet var dei ranka som nr. 47 av 48 deltakarar. Det norske laget må betale reiseutgiftene sjølv, men opphaldet vert dekt av arrangøren. Laget er på 11 personar, men bare fire er på banen samstundes. For å få vere med må ein spelar inngå kontrakt om å ikkje ruse seg på landslagssamlingar, trening eller under mesterskap og ein må vere heimlaus, asylsøkjar eller med i eit rehabiliteringsopplegg.

For å verte betre arbeider ein for å få ballbinge i byane der lag kan trene og slik inspirere til å halde seg unna rus. Neste år vert VM for heimlause i Stavanger i mai.

I år slo det norske laget svenskane 8-2, men det var Skottland som vann VM for heimlause.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *