Gode historier

Share

Gode historier kan illustrere eit poeng og i Setesdal er det mange som er flinke til å fortelje. Eg skulle ønske at vi kunne få med fleire av desse i program i Valle Radio når vi no går inn i jubileumssesongen. 10 år med radio er ikkje å sjå lett på, for det er mange timar med førearbeid og sending som er lagt ned.

Mange gamle predikantar kunne ofte illustrere eit poeng med ei fortelling som gjorde at ein hugsa det dei talte om. Eg skulle ønska at eg hadde den gåva, men eg opplever ofte at eg ikkje hugsar dei poengterte uttrykka og sogene sjølv når eg har høyrt dei fortalt, langt mindre evnar eg å ta vare på dei når eg opplever dei.

I andaktsboka Stille stunder på veien hjem skriv H. E. Wisløff for gårsdagen om ein medarbeidar i ein av kyrkjelydane han var i. Denne personen var alltid så glad, og ein dag spurde presten han om han alltid var så glad. -Å, nei, du, svarte han, -men ein ting har eg lært i Vår Herres skole: Sorga tek eg med meg inn i lønnkammeret, og gleda tek eg med meg ut att.

Slike små stubbar skulle eg gjerne hugsa og lært meg å bruke både i radioen og elles. Då eg ikkje kan det, eg trur ikkje den delen av hjernen min har fått ein slik konstruksjon at eg får det med meg, må eg i staden glede meg over det andre kan samle opp av små historier på denne måten. Når eg kjem over dei, skal eg dele dei med dykk som les bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *