Ei innhaldsrik helg

Share

I kveld skriv eg blogg som bare delvis er relatert til Valle Radio, mest handlar det om fyrste helga i haustferien. Men eg kan jo til innleiing nemne at eg ikkje har tysdagssending i haustferien. Det er heller ikkje onsdagssending, men me kjem sterkt att fredagskvelden. Då skal Bjørgulv T. Berg ha sauesjåsending for heile dalen, og open sending skal Rolf Erik Homme stå for.

**Suleskarvegen**
Fredag ettermiddag la eg vegen over fjellet i det flottaste sommarveret ein kunne ønske seg. Sulskarvegen, altså. Den er ikkje brei, og denne fredagen vart det ei nokså hakkete kjøring over vestover, for dei fleste bilane på vegen skulle austover, og dei var mange. Grupper på tre til seks bilar kom i lag mot meg, då var det i grunnen bare til å stoppe og vente, og så heller ta ein liten bit til før neste gruppe kom. Ved gjetarbua ved Roskrepp stod det mang sauer i ei grind, og lenger vest kom ein stor dyretransport, så dei heldt vel på med ettersanking, men elles var det mange som skulle tilbringe helga i Setesdal.

Vi har jo hatt vegen som tema i ganske mange sendingar, og fleire vil det nok bli. Eg tenkte då eg drog over heia at mange stader skulle det vore ganske lett å utvide vegen litt og få to felts veg utan store kostnader. Det hadde vore betre nesten kor lite det var. Heldigvis berga eg meg over utan at nokon spegel vart knust.

**90 år**
Grunnen til at eg drog over fjellet fredag var at me skulle feire mor sin 90-årsdag laurdag. 70 gjester var innbedne, vi starta med konsert i Ålgård kyrkje klokka 14 med barn og barnebarn i elden. Dei hadde fått forsterkning med svigerbarn og svigerbarnebarn og, og ein full time var det song og spel til glede for kven som helst, det heitte lunsjkonsert og var ope for alle, men mest for mor og familie og vener.

Deretter var det mat og prat på Ålgård Bedehus, slik sett var det nesten symbolsk, for mor sitt liv har vore langs den aksen i stor grad. Far var kyrkjetenar i Ålgård kyrkje http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85lg%C3%A5rd_kirke i ei tid då det var heilt naturleg for kyrkjetenaren å ta med lunka dåpsvatn heimanfrå heller enn å varme det i kyrkja, og mor vaska og stelte dåpshanddukane i alle år. Det andre store engasjementet til far og mor låg på Ålgård Bedehus. Då eg vaks opp, heitte det Betel, sidan vart det bygd nytt bedehus utan at det fekk bibelsk namn. Her hadde dei sin faste gang, kyrkja om føremiddagen, bedehuset om kvelden. Så vi tykte det var heilt som det skulle vere å leggje festen til Bedehuset. Mor heldt ut til siste bord var rydda, så var det heim til ein liten prat, før me la i veg mot Mandal om lag klokka 2230. Med ny veg forbi Kvinesdal går turen no på litt over to timar.

**Kor og orgel**
I Lyngdal har dei ein konsertserie i år som heiter Orgel i 100. Grunnen er at orgelet i kyrkja der er hundre år gamalt. Siste sundag i kvar månad er det konsert med det gamle instrumentet i fokus, men gjerne med noko attåt. Denne sundagen var det Margaret Standal Volle Haugland som spela. Ho har vore spelt i Postludium ein gong for snart to år sidan. I tillegg var det slagverk og saxofon, og så fekk eg gleda av å vere med i eit kor som song litt på konserten. Det vart ei stor oppleving. Vi song Som den gylne sol frembryter på ein folketone arrangert av Henning Sommerro http://no.wikipedia.org/wiki/Henning_Sommerro, det var som taket løfta seg. Margaret spelte Mozart, http://no.wikipedia.org/wiki/Mozart
CPE Bach http://no.wikipedia.org/wiki/Carl_Philipp_Emanuel_Bach og gamle Bach http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Sebastian_Bach i tillegg til samspel med dei andre i folketonearrangement og meir moderne stykke. Ståande applaus frå publikum gjorde at musikarane kvitterte med ekstranummer før alle fekk eit glas orgelbrus å leske seg med innan vi tok kveld og drog heim att.

Det vart ein innhaldsrik start på haustferien.

Never

Share

Tenkte eg ville nemne at Torjus Uppstad, som eg har mykje samarbeid med i Valle Radio, denne veka er lærar på kurset Never again på Folkemuseet i Oslo. Det er tre tak som skal tekkjast og arbeidet vert dokumentert slik at ein skal kunne lære av det.

I programmet heiter det: Mange av gårsdagens nevertak holder ikke mål og mange kulturminnevern-nevertak lekker. Norsk Folkemuseum (NF) ser behovet for å luke ut vesentlige feil og mangler fra egen praksis gjennom å diskutere og forstå sammenhenger på tvers av ulike teknikker og tradisjoner. Vi går ut fra at resten av kulturminnevernet har tilsvarende
behov for tette tak.

Sammenhengen mellom underlag, råvarer, sortering og metoder vil bli
diskutert med utgangspunkt i praktisk arbeid på de tre bygningene fra Sudistog, dokumentasjonsresultatene fra Rolstadloftet og opp mot ulikt kildemateriale og tradisjonskunnskap.

Tre kurslærere (Roald Renmælmo, Torjus Uppstad og en til) legger hvert sitt tak på ulikt vis sammen med kursdeltagerne. Målet med dette er å få til en jamsession hvor prinsipper, regler, vurderinger og holdninger diskuteres på og mellom hustakene. De tre Sudistog-husene står tett, så intimiteten er sikra.

De tre gruppene styrer sin egen tid, men vi skal ha felles matpauser og noen styrte diskusjoner underveis rundt ulike kvalitetskrav på never og torv, sorteringspraksiser, leggemønstre, kanting, torvhaldstokker og -kroker, reparasjon og vedlikehold av torvtak.

Det harde Bygdøyklimaet medfører forvaltningsproblemer med våre bygninger som kommer store deler av landet. NF står ikke i faresonen for å være et økomuseum, og er avhengige av å bruke regionale underleverandører på en rekke felt, slik som på never, torv og emner.

Også på kunnskapssiden trenger vi gode samarbeidspartnere. For å få langsiktig effekt av seminaret er det et mål at dagens og morgendagens underleverandører deltar i arbeidet og diskusjonene. Vi sørger for at alt er lagt til rette før kursstart; inklusive kildemateriale, monterte stillaser, råvarer, emner og utstyr.

Eg vonar å få han med meg i radioen etter haustferien for å fortelje frå seminaret. Torjus har kunnskaper som heile landet treng, og er ein ressursperson for kulturminnevernet, som så mykje anna.

Burma i fokus

Share

Burma står i fokus i alle media no. Ettersom vi har ein burmesisk familie i Valle, er det naturleg for meg å skrive litt om det her på bloggen og.

Familien kom til Valle i mai etter å ha budd i flyktningleir i Thailand i 12 år. Dei er mor og far og fire born, og så har dei med seg to familiemedlemmer som har mist sine foreldre. Det er altså ein storfamilie som har flytta inn i Drenghuset i Leite. Fleire av dei snakkar engelsk, så det er råd å slå av ein prat når du møter dei. Borna har begynt på skule etter sommarferien, så dei har etter kvart fått eit vanleg liv i bygda vår.

Når det den siste veka har vore stoff om Burma i alle medier, seier det seg sjølv at mykje tid går med til å fylgje med på stoff frå heimlandet. I dag, fredag 28. september, fylgjer dei oppmodinga som har gått landet rundt om å kle seg i raudt i solidaritet med kampen som folk fører mot juntaen i landet. http://no.wikipedia.org/wiki/Munkeprotestene_i_Burma_2007

Senior-generalen Than Shwe starta si karriere i det militære ved å kjempe mot karen-minoriteten i landet, og våre burmesarar er karenarar. Sjå denne engelske sida for å finne ut kor dei kjem frå: http://en.wikipedia.org/wiki/Karen_State Denne staten grensar til Thailand, og i Thailand er det ni store flyktningeleirar som huser folk frå Burma. Her er meir på engelsk om folket: http://en.wikipedia.org/wiki/Karen_people
og ein liten artikkel på norsk: http://no.wikipedia.org/wiki/Karen_%28folkeslag%29

Dersom du vil vite meir om dette emnet, skal du ta turen innom på biblioteket og låne boka **Det glemte folk. En reise i Burmas grenseland** av Casten Jensen. Det er særleg vekt på karen-folket i den boka, og Carsten Jensen er ein stor forfattar som har gode tekstar. I tillegg er det mange flotte bilete i boka, så ho er lett å lese sjølv om ho er på 185 sider i det ein kallar salongbordformat, større enn A4.

Visste du forresten at Strømmestiftelsen har fleire prosjekt i Burma. http://www.strommestiftelsen.no/?aid=9068 Dei tek ikkje stilling til politiske spørsmål, men prøver å hjelpe gjennom vaksenopplæring, mikrofinans og utvikling av lokalsamfunn.

Hyggeleg besøk

Share

Eg sat i radioen i går kveld og skreiv då det banka på døra. Klokka var nærare 23, kommunestyremøtet var slutt for fleire timar sidan. Då eg opna, stod Erik Fjermestad utanfor. Han lurte på kva frekvens vi sende på og trudde nok at Valle radio var større enn han synte seg å vere.

Erik Fjermestad frå Fjermestad utanfor Ålgård hadde vore på tur til Seljord sist veke og lagt seg inn på campingen til Valle Motell onsdagskvelden. Då hadde han fått inn Britta Lise som hadde open sending. Det hadde vore ein flott kveld, sa han, og han hadde gledd seg over dialekten og språket som han fekk høyre i radioen. No var han attende på campingplassen ved Motellet og lurte på om det var sending denne onsdagskvelden også.

Vi vart sitjande å prate nokre minutt, eg fortalde om at vi er ein dugnadsradio og at vi har sending to kveldar i veka. Når han kom til Valle seint denne kvelden, fekk han ikkje noko sending frå oss, kommunestyremøtet var slutt før 19.30 i går kveld og det var ikkje noko anna lokalt stoff på programmet, så då han kom til Valle, var det P4 på frekvensen vår.

Hyggeleg å møte ein jærbu som var på tur i Setesdal og slå av ein prat. Takk for at du stakk innom, Erik Fjermestad.

Bygdekvinnelaget i Fædrelandsvennen

Share

I regionavisa i dag hadde Johs Bjørkeli eit flott oppslag om Bygdekvinnelaget. Det skulle ikkje undre meg om han hadde lese på bloggen og funne stoff til artikkelen der. Det er hyggeleg når stoffet eg leitar fram kan brukast på andre arenaer. Og biletet han hadde fått frå ein av deltakarane, syner ein feststemt gjeng i eit muntert sekund der dei spelar på kam. Ei rekke damer i orkester med kam er eit lite særsyn og truleg historisk i Fædrelandsvennen.

60 år i Valle Bygdekvinnelag

Share

Melodi: Flaumen går

60 år er me i år,
dette vil me feire:
Til Bykle i kveld, på Bykle hotell
Pynta er me til fest.
Ferdige mate, det ve» me have,
inkje tomle og stelle sjave
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

I førtisju, kan du det tru,
då vart laget starta.
Trege start, ikkje så rart,
Men så fekk laget fart:
Bondekonene kom som maure,
ropa og sa: du må meg skrive.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Kurs i fleng, samle inn peng,
Sauesjåbasaren.
Kopp og kar til hundre me har,
gåver mange det var:
Kunst til skulen og ljos til kyrkja,
mangt som vel kunne Valle styrkja.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Sjalerus rundt i kvart hus
det var fyrste tida.
Sidan det blei ei nøktern lei
det var rette vei.
Me produserte kalenderar mange,
lagsavisene kunne bli lange.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Kultur i bok på oss me tok:
Våre tradisjonar.
Mat så flott, heimsleg og godt
vakkert som i slott.
Rette klede i Setesdale
også det er i bok omtale.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Ut på tur, aldri sur,
lett å reise saman.
Ut ein dag, triveleg lag,
rundt me for med buss.
Flo og Fjære og Kvipt og Dalen,
heim om kvelden og sjå til smalen.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Jolefest, Fjoruven gjest,
Me fekk Kulturprisen.
Sæbygg syng og dikt og draum,
det er som Otras flaum.
Mat til Kongen har me servera,
no me kvarandre vil gratulera:
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Valle Bygdekvinnelag samla 25 av dei 36 medlemene til fest på Bykle Gjestegard i går kveld i høve at laget er 60 år i år. Då song dei denne songen saman med mange andre, etter det eg har høyrt. Melodien til Flaumen går er ein av dei mest populære melodiane i laget, så difor var det denne dei ville ha då dei skulle syngje om seg sjølve.

Eg kjem tilbake med meir stoff om laget seinare i haust. Lisbeth på biblioteket har lova å skaffe fram ei liste over leiarane i desse 60 åra.

Norsk musikk i Postludium

Share

I kveld valde eg å spele norsk orgelmusikk i Postludium. Programmet starta med

**Ludvig Mathias Lindeman (1812-87): Kroningsmarsj**
skrive til kroninga av Kong Oscar II og dronning Sophie i Nidarosdomen 18. juli 1873. Stykket er 5:27 langt, og Kåre Nordstoga spela på Ryde og Berg – 1998-orgelet i Oslo Domkirke.
http://no.wikipedia.org/wiki/Ludvig_Mathias_Lindeman
http://no.wikipedia.org/wiki/K%C3%A5re_Nordstoga
http://no.wikipedia.org/wiki/Oslo_domkirke

**Arild Sandvold: **
**Herre Gud ditt dyre navn og ære**
**Eg veit i himmerik ei borg**
To improvisasjoner, opus 5, nr. 1 og 2, skrivne i Leipzig hausten 1927, altså 80 år gamle, – i et akutt anfall av hjemlengsel – sa han sjølv. Første improvisasjonen er 2:08, andre er 1:01. Her var det Bjørn Boyen som spelte, og det var det også på dei to siste stykka:

**To orgelstykker over et tema av Haydn: «Din Rikssak Jesus være skal»**
**Fantasi**
**Toccata**

Dermed vart det ein heilnorsk kveld med omsyn til komponistar, men Bjørn Boysen spelte på Frobeniusorgelet i Århus Domkirke, så litt utanlandsk var det då.
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Sandvold
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85rhus_domkirke
http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rn_Boysen_spiller_Arild_Sandvold

Kommunestyret konstituerer seg

Share

Programmet denne veka er at Valle kommunestyre skal konstituere seg, så langt eg har forstått. Sjå http://www.valle.kommune.no/Modules/Default.aspx Nede til høgre på sida finn du kommunestyret og kan klikke deg inn på sakspapira til dette møtet. Det står ikkje mykje der, papir vert lagde fram i møtet.

På denne bakgrunn vert programmet for denne veka slik:

**Tysdag 25. september**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 26. september**
Teknikar: Gudrun Rysstad
18:00 Kommunestyremøte

60 år for Valle

Share

Tysdagskvelden skal Valle Bygdekvinnelag feire 60-års fest. Det skjer ved eit lagsmøte som er lagt til Bykle gjestegard. Denne kvelden skal dei sleppe å tene ved bordene, dei skal sjølv nyte eit godt måltid og hygge seg saman.

I 1986 redigerte Andreas Vevstad ei bok om Aust-Agder Bondekvinnelag, og i den står det om Valle at laget vart skipa 18. februar 1947 med Sigrid Aakre som formann. Laurdag 1. mars hadde dei så møte saman med Husflidslaget, og av referatet kan ein lese: **Bondekono kom som maure, ropa og sa: Skriv meg, skriv meg! Me vart 20 medlemmer den dagen.**

Sidan har laget stått for ei rekke utgjevingar av bøker om kultur i Valle, ikkje minst den flotte boka om mat som kom i fjor, var populær. Men og boka om korleis ein klær seg i bunad har vore til nytte. Sæbyggjen syng, og Sæbyggjen diktar og drøymer er og bøker som laget står bak. Mindre kjent er det at dei har dåpskjole til utleige for 10 kroner, at dei har stått for mange innkjøp av utstyr til forsamlingshus og kyrkje. I det heile har dei arbeidd til beste for bygda. Kursa dei har stått for er også viktige kulturformidlarar.

Basaren på sauesjået er vel det dei fleste møter når det gjeld Valle Bygdekvinnelag. Den er legendarisk og har vore eit viktig grunnlag for arbeidet, det er her dei har fått inntektene. Den har halde på sidan 1949, og er like populær i dag.

Til 50-års jubileet i 1997 fekk dei Valle kommune sin kulturpris. Åra etterpå har synt at det var eit svært godt val. I 2007, det året dei fyller 60, finn vi desse i styret:
Leiar: Randi Myrum
Nestleiar: Jorunn Lund Harstad
Skrivar: Lisbeth D. Homme
Kasserar: Ellinor (Nøste) Nyberg
Styremedlem: Torhild Sandnes

Gratulerer med dagen.

Bjarnes Blååker

Share

Dette bandet skal spele på Valle Motell Pub kl. 22 laurdag 6. oktober. Då er sauesjået slutt, men ein konsert om kvelden kan jo høve.

«Bjarnes blaa-åker» består av Tore Thomassen, Svein Helge Vikse, Ragnhild Ek, Espen Skeie og **Bjarne Ormestad**. Og instrumentallista er sang, fiolin, ukulele, kontrabass, banjo og trommer.

Tore Thomassen er mest kjent for mange barneplater. Han bur i Lillesand. Heimesida hans er her:
http://www.torethomassen.no/ og der er det mye stoff.

Svein Helge Vikse, som bur i Kristiansand, har også heimeside. Den finn du her:
http://www.musikkogfilm.com/

Ragnhild Ek spelar fiolin og deltek ved ei rekke musikkarrangementer i Kristiansand, men har ikkje eiga heimeside.

Espen Skeie spelar bass i Christiansand Bluesband og har lang erfaring som countrymusikar. Heimesida er her
http://home.no.net/cowboy76/

Leiar av Bjarnes Blååker er Bjarne Ormestad, men han finn eg lite om på nettet, bortsett frå at han alltid er entusiastisk.

Det er Folkeakademiet som har fått desse til Valle for å gle folk laurdag 6. oktober på Valle Motell.