Evaluering

Share

Torsdagskvelden hadde vi ei evaluering av påskesendingane. Det synte seg at alle var godt nøgde. Begge kveldane hadde vi ein triveleg tone i studio og tekniske rom, sjølv om det sjølvsagt var travelt. Vi meinte at mykje av grunnen til det var at vi hadde fått eit godt teknisk opplegg.

**Helsingar**
Når helsingane går på sms rett inn i studio, sparar ein papir og intern kommunikasjon. Tre av fire helsingar kom på sms i år. Vi hadde og folk som tok imot helsingar på telefonen. Desse vart skrivne ned som epost og sende inn i studio, noko som og reduserte papirflaumen. Det var jo svært mange helsingar, og det var ikkje råd å finne musikkynskje, så musikken hadde vi funne på førehand og det fungerte og greitt.

**Loddkjøp**
Mykje av loddkjøpet kom og på sms i år. Det systemet fungerte også godt. No er rekningane sende ut og til no har vi fått inn 100.000 av dei 173.010 som vi selde for. Premiane er gått ut, og vi har ikkje høyrt noko om problem. Systemet med gåvekort er populært hjå dei næringsdrivande, for då får dei kunder inn i butikkane.

**Dagen**
Vi vurderer å flytte sendinga frå 1. påskedag til laurdagskvelden. Det er svært mange som reiser nedover alt på 1. påskedag, og vi ville gjerne nå flest mogleg. Dette kjem vi til å snakke meir om, men alle som var på møtet, meinte at det hadde vore ein god ide, sjølvsagt under føresetnad at vi fekk dugnadsgjengen til å vere med denne kvelden.

**Programmet**
Det er viktig å ha dei to timane før Open sending, så vi vil halde på dei. Nyhetsmeldingane frå Setesdølen er flotte å ha med i sendinga, så dem må vi halde på. Det same gjeld Påskebodskapen. Det var rett å redusere innslaga med sextelefonen i andre sendinga. Samarbeidet med Maxi Catering var bra, men det fungerte jo ikkje heilt etter planen påskedag, for då var det ingen som sende inn svar. Dermed vart det bare trekt premiar skjærtorsdagen.

**Teknisk utstyr**
Til denne sendinga hadde vi fått nye hovudtelefonar med mikrofonar. Det var eit system som fungerte godt. Eg har alt nemnt nettverket som gjorde at ein kunne sende helsingar og epost like inn i studio. Det var gode hjelperåder.

Takk til alle som var med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *