Folk flytter

Share

Dette var temaet til Øyvind Jacob då han var stand in for Hanne Straume frå Helse-etaten i Valle Radio onsdag 7. mai. Han kunne fortelje at kommunen hadde fått inn seks oppseiingar siste veka i april.

Eg vart sitjande å tenkje litt på det og fylgde ikkje så godt med på kva han snakka om framover i programmet. Eg måtte tenkje litt alternativt, for svært mange bytter jobb slik at dei kan bruke sommaren til flytting. Då er det greit å seie opp til 1. mai, så kan ein starte i ny jobb 1. august etter tre månaders oppseiingsperiode.

I ei utkantbygd som Valle må ein rekne med at folk flytter. Nokre kjem hit, vert verande nokre år, og dreg så nærare familie og til andre jobbar andre stader. Slik vil det vel alltid vere.

Valle kommune har som motto: **Gjestfri for nye tankar.** Vi vart sitjande å snakke om det i dag og drøfte om vi er gjestfrie for nye menneske. Det kan vel kanskje vere litt opp og ned. Mange nye som kjem til Valle opplever at det er vanskeleg å få kontakt ut over det profesjonelle nivået. At innfødde valldølar går på besøk til innflyttarar, høyrer nok til unntaka. Dei som gjer det, opplever seg svært velkomne, og grunnlag for venskap kan leggjast av slikt. At innflyttarar går på besøk til bufaste, er kanskje og uvanleg, for utan ein kontakt er slikt uvanleg.

Øyvind balanserte flyttetemaet med å fortelje at det også flytter folk **til** Valle. Det er kome mange nye fjes i bygda vår bare siste året. Han nemnde polske innflyttarar som har fått jobb og teke med seg familie og slått seg ned i kommunen. Han sa og at folk som har fått dei i arbeid, opplever at dei står på i jobben og vinn over problema som språkvanskane lagar, noko arbeidsgjevarane set stor pris på.

Med dette vart Kommunen informerer heilt anna enn Hanne Straume hadde tenkt. Eg møtte henne på butikken i dag og ho kunne fortelje at det svært ofte skjer noko rundt klokka 19, og gårsdagen var ikkje noko unntak. Når ho då hadde vakt, var det plutseleg ikkje så enkelt å vere i radioen og så oppleve at alarmen gjekk, så ho hadde vore glad for at Øyvind kunne ta over, sjølv om han ikkje nytta manuskriptet ho hadde laga til han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *