Omløpshastighet

Share

I Morgenbladet, som du og kan kjøpe på butikkar i Valle no, for 13. juni, var det ein interessant artikkel:
http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080613/OBOKER/834389621/-1/BOKER

Det vert fortalt om at Fylkesbiblioteket i Buskerud tok turen til Nesbyen for å kassere litteratur på folkebiblioteket der. Det var blitt så alt for fullt. 2517 bind vart kasserte på om lag 70 timar. Men å kassere er ikkje bare bare, bøkene må og ut av databasen over bøker. I artikkelen kan vi lese at det tek 30 sekund å få ei bok ut av basen, det skulle bety at i tillegg til kastinga måtte ein bruke 1250 minutt på jobben. Nesten 21 timar, altså.

No er hyllene ryddige og fine, i alle fall mykje ryddigare enn før. Grunnen til det er at biblioteka i Norge no er blitt meir opptekne av å stille ut framsida av bøker, ikkje bare ryggane. Det tek mykje meir plass, men det aukar omløpshastigheten, det vil seie at boka står ikkje så lenge på hylla som før. Artikkelen i Morgenbladet fortel at biblioteka må rapportere inn omløpshastighet i KOSTRA, slik at ein kan samanlikne og sjå kor veldrive ei slik boksamling er.

Å kaste bøker er ikkje lett for nokon, men det må vere ekstra vanskeleg for ein bibliotekar, som truleg valde yrket av kjærleik til bøker. Men med så stor produksjon som det er no, er det ikkje råd å bare samle opp år for år. Kvart år får ein eit par tusen bøker inn, då må minst så mange ut. I samband med at dei byggjer ny bibliotekfilial i Vågsbygd, og difor måtte pakke ned heile boksamlinga, veit eg at dei hadde ein stri tørn med å kaste bøker i dei alt for fulle samlingane som hadde hopa seg opp med åra.

Biblioteket i Valle slit nok og med dette, for periodevis havnar det mange bøker i vinduskarmar og på skranken. Noko går etter kvart i magasinet, noko vert seld, og noko vert nok kasta. Men eg er glad for at biblioteket i Valle tek vare på bøker, plutseleg treng du ei bok som kom ut for lang tid sidan, og då er det godt når Lisbeth kan finne henne i magasinet.

Eg har ei dotter som er bibliotekar. Når ho kjem heim og seier ho vil rydde, det er det same som å kaste bøker, dreg eg på tur. Så treng eg ikkje sjå og gråte over alt som må ut. Eg kan heller ta meg ein tur på loppemarknad og komplettere samlinga. Det er og omløpshastighet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *