Noko er ein god på

Share

Noko er ein god på og noko er ein ikkje så god på. Sjølv meiner eg at eg er god på å få til ei sending på radioen, difor gleder eg meg over å få vere med og lage program av ulik type og i mange sjangrar. Eg ser fram til ein ny sesong med forventning.

Det verka som om andre medarbeidarar i Valle Radio og tenkjer slik, for då eg tok ein runde på telefonen, var det svært positive tilbakemeldingar. -No er vi i gang att, var tonen frå dei eg nådde fram til.

Grunnen til at eg måtte ta ein runde på telefonen, var vel helst det som eg ikkje er så god til: Å få legge planar i lang tid på førehand. Det opplever eg som vanskeleg. Denne gongen visste eg ikkje korleis eg skulle gripe saka, så vi hadde eit styremøte der vi snakka om hausten og korleis vi skulle legge opp for at vi skulle ha teknikarar til alle sendingane. Når det så var gjort, var det å fordele folk og sjå til at fordelinga vart jamn. Etter nokre dagar var så lista klar og kunne sendast på epost til dei som står på den lista.

Men så er det nokre som ikkje har epost. Dei må få den som papirpost, og det er eg dårleg på. Men eg vonar å få den av garde i morgon. Men å organisere namn og adressar og frimerke og å få ting i postkassen, det er eg ikkje god på. Då eg klaga nauda mi til kona, sa ho at eg skulle hatt sekretær. Det er eg enig i, men i dagens system er det få som har det. Men eg hadde trengt ein sekretær til å gjere slikt for meg. Kanskje eg hadde fått den lista ut før då?

Takk til alle som er gode på å hjelpe og få det til, sjølv om de fekk sein beskjed. Så vonar vi det beste for haustsesongen.