Ein aktuell time

Share

Onsdag hadde eg ansvaret for heile kvelden, og når eg no sit her og skal oppsummere, synest eg det var ein artig kveld. Eg hadde fire saker i den aktuelle timen.

Miljøfyrtårn
Vi starta med Gunnar Brottveit frå Coop Valle som har fått Miljøfyrtårn-merke på døra. Gunnar fortalde om prosessen fram mot sertifiseringa og kva det inneber for butikken, som er einaste i Setesdal med slik godkjenning. Dei må mellom anna ha mange økologiske varer, det var ikkje noko problem, for dei hadde fleire produkt i hyllene enn minstekravet. Dei må og føre kontroll med straumforbruket, målet er at det skal ned. Sertifiseringa gjeld for tre år og dei må gje rapportar årleg.

Lovsangsverkstad
Deretter kom Sissa frå kyrkjekontoret og fortalde om lovsangsverkstaden som skal vere i Bykle kyrkje til laurdag. Folk frå heile prestegjeldet møtest for å øve på å syngje og spele frå klokka 14, og så skal dei vere med i gudstenesta sundag klokka 11 i Bykle kyrkje og halde konsert i Valle kyrkje klokka 17 same dag.

Eg fretta Sissa ut om tankane som no er til diskusjon om å flytte konfirmasjonen til hausten. Om ein gjer det, kan konfirmantane få eit betre tilbod enn dei får i dag. Valle prestegjeld har ikkje kateket, men om ein flytter, kan ein ta konfirmantane med til konfirmantleir, anten med KRIK i Bø sommarland eller med Skjærgårds på Risøya. Då får dei eit tilbod som vi ikkje kan gje dei lokalt, noko som vil gjere konfirmansjonsførebuinga meir innhaldsrik. Foreldrene diskuterte dette tysdag i Valle og onsdag i Bykle. Soknerådet vil oppsummere diskusjonen og ta avgjerd i saka seinare.

Stadnamn
Deretter var det Jon Melhus som fortalde om stadnamnprosjektet som han arbeider med for Valle kommune. Han skal leggje inn kanskje så mykje som 8000 stadnamn frå Valle og Hylestad på kart. Arbeidet skjer på Setesdalsmuseet på Rysstad. Gjennom åra har det vorte samla inn mange namn, arbeidet no er å få dei inn på kart. Bare på Straume, Bjørgum og Hovet har han sidan han starta i mai lagt inn 900 namn på karta.

Hasla Oslo
Siste gjest i timen var Ørnulf Hasla som fortalde frå opninga av Hasla Oslo. Dei hadde laga 3000 porsjonar Setesdalswrap, alt gjekk ut, og det var hardingfelespel av ein spelemann frå Røros som hadde lært seg setesdalsspel, bunadkledde vener av Gunnhild Hasla, som er dagleg leiar og einaste tilsette i butikken, stilte opp og serverte og det var svært mykje folk. Dei opna klokka 14 og førebuingane gjekk til klokka 13:50, og halv fire om natta før opninga hadde dei malt lister på utsida av butikken.

Satsinga her saman med andre oppdrag fører til at Ørnulf ikkje får vere med så mykje i radioen som han hadde tenkt i haust. Det vert som vanleg USA-tur og det vert fleire turar til Oslo.

Med det gjekk den aktuelle time mot slutten og Kommunen informerer kunne begynne.