Bruer i Valle

Share

I programmet onsdag 10. september om Riksveg 9 nemnde Leonhard B. Jansen bruer over Otra. Han synte og til Valle kommune Kultursoge, som er band 8 i serien. Han og Alfred Ryningen har skrive den, men han hugsa ikkje heilt kven som har skrive kva. Boka finn du på Valle folkebibliotek eller i di eiga bokhylle. Om du ikkje har den, kan du kjøpe den på Velkomstsenteret i Kommunehuset.

På side 298 har boka eit avsnitt Bruer. Her fortel dei korleis det fyrst vart bygd bruer over sideelver til Otra i samband med postvegen. Bygging av brua over Farå vart sett bort på tilbod i 1838, og Gunnar Torleivsson Helle og Tarald Knutsson Uppstad på vegner av sonen Knut Taraldsson fekk tilslaget. Prisen var på 110 spd.

Leonhard fortalde også om Fjellskarbrune sør for Rysstad. Noverande bru er nummer tre, truleg var den fyrste bygd samstundes med brua over Faråne. I Kultursoga er lysinga om bru nummer to kome med, den var bygd i 1890 med steinfylling og treverk.

Flårendsbrune kom i 1866-68.

Hallandsbrune kom i 1870 mellom Harstad og Åmli. Den vart skifta ut i 1895. Sidan måtte ho reparerast under andre verdskrigen, men noverande bruk kom i 1961.

Kallefossbrune i Oveinang kom i 1933.

Skagebrune mellom Hovet og Nomeland var ei stålbru som kom i 1951. Seint på 1990-talet var den bytt ut med ei betongbru.

Seks år seinare, i 1957 kom Straumsbrune mellom Straume og Helle.

Hengjebrua Røyslandsbrune mellom Røysland og Lunden i Oveinang kom i 1912, Leonhard fortalde at den var kosta av ein norskamerikanar.

Hengjebrua over Prestfossen i Valle er frå 1931/32, men den er no stengd for ferdsle.

I 1990 og 1991 kom så bruene på den nye vegen, fyrst frå Nordibø til Nomeland, og så frå Dale til Einang, og i 2005 (trur eg) kom den nye brua over Flårenden.