Finland, kultur og humor

Share

Den aktuelle timen denne onsdagen hadde tre saker:

1. Lisbeth D. Homme fortalde frå studietur til Finland.
Denne turen varte ei veke og var lagt opp av Foreningen Norden som organiserer lesesirklar i Aust-Agder. I Valle har det vore lesesirkel i mange år, og Lisbeth nytta høvet til å få med seg ein tur til landet skribentane våre kom frå. Travelt, men interessant.

2. Sissel Åkre om kulturveka.
På vegner av Folkeakademiet kom Sissel Åkre, som er kasserar, i studio for å fortelje om Kulturveka, som startar fredagskvelden før Sauesjået 2008 og varer ei veke. Det er blitt eit spennande program med kultur og underhaldning for store og små. Vi kjem attende til programmet.

3. Humorpris til Thor Åmli
Dette var overskrift i Setesdølen, og vi tok ein telefon til Kristiansand for å gratulerer vinnaren. Han har nett flytta frå Møvig til Lund og hadde ikkje tenkt å stille opp, men etter oppmoding frå vener melde han seg på kvelden før showet.

Thor fortalde at det var både ein fagjury og ei publikumsmåling; den som fekk høgast scoring på decibelmålaren, vann publikumsprisen. Over 90 decibel fekk Thor for showet sitt, der han konkurrerte med folk frå heile Agder.

Resultatet har ført til at han alt no har fått eit par spørsmål om oppdrag, han er rundt og har show på bursdagar og andre festlege samkomer. Idear til show får han frå mange stader, men ikkje frå jobben i barnehagen han jobbar i til vanleg.

Med det runda vi av den aktuelle timen og var klar for Kommunen informerer. Men ingen frå Pleie og omsorg kom denne kvelden. Heldigvis fann eg ei plate som Sylvartun folkemusikk gav ut for nokre år sidan. Der fortalde Olav Bø om prestar i Setesdal. Det fylte det meste av halvtimen som Pleie og omsorg skulle hatt.

Og så kom Bjørgulv T. Berg og hadde tankar frå Bibelen.