Hästens

Share

Seint på kveld like før leggetid kom eg til å tenkje på kåseriet eg hadde tysdagskvelden i Valle Radio. Det var basert på ein artikkel eg hadde sett i Aftenposten som handla om at ein no kunne få kjøpe verdas dyraste seng i Oslo. Det var sengeprodusenten Hästens med over 150 års erfaring som hadde etablert eit nytt utsal i byen. Firmaet, som held til i Köping i Sverige, starta med å lage utstyr til hestetransport, men då markede turka inn, gjekk dei over til madrassar, senger og puter.

Dei brukar hestetagl i produksjonen, sengene vert tilpassa kunden og om dei knirkar, får kunden ny seng, i alle fall om ein kjøper den dyraste modellen, som kostar 400.000 kroner. Filmstjerner i Hollywood kjøper slike senger, no kan Ola Nordmann få nyte same opplevinga.

Seljaren argumenterer med at vi kjøper bilar til den prisen, og ein bil brukar vi bare ein time dagleg. Senga brukar vi åtte timar dagleg, så ei seng burde vere dyrare enn ein bil, som og vert bytt ut etter få år, medan ei seng, i alle fall om ein kjøper ei slik seng som han vil selje, er ei livstidsinvestering. Det er nesten så ein kjøper argumenta, sjølv om pengar til ei slik seng neppe let seg reise utan vidare. Å kome i Valle Sparebank og be om å få låne ein slik sum til ny seng, då må ein nok ha lite skuld der frå før.

Her er lenka til både leksikonartikkel og heimesidene til sengeprodusenten:
http://no.wikipedia.org/wiki/H%C3%A4stens

God natt!