Missa Caritatis

Share

Eg har nokre gonger i haust spelt eit lengre syngespel, musikal eller kva ein no skal kalle det i timen mellom klokka 19 og klokka 20 i Valle Radio tysdagskveldane. Dette har eg gjort fordi det er fint å høyre eit verk i sin heilheit. No sist hadde eg annonsert at eg skulle spele Fortellinga om de 10 bud av Eyvind Skeie, men så viste det seg at eg hadde lata plata stå att i spelaren heime, så eg måtte ta eit alternativ. Det vart Missa Caritatis av Ragnar Bjerkreim. http://no.wikipedia.org/wiki/Missa_Caritatis

Dette verket er svært kjent, i alle fall den siste delen, den som heiter Velsigning, for den spelar dei i Salmer til alle tider kvar sundagskveld i NRK. Men det er sjeldan ein får høyre heile verket. Det er spelt inn av Gandelo og Kor-Z med Kjetil Saunes, Bodil Arnesen og Morten Harket som solistar. Iver Kleive er med på orgel, Arild Stav på klarinett og saksofon, Per Flemstrøm spelar fløyte, Ottar Nesje er med på trommer og Kjetil Bjerkestrand på keyboards. Inger Vagle dirigerer verket, som har 10 satsar: Introitus, Kyrie, Gloria, Credo, Hymne til kjærleiken, Sanctus, Fadervår, Agnus Dei, Velsigning og Postludium.

Det var ei glede å dele heile verket med lyttarane denne gongen.

Peter Hurford i Postludium

Share

Peter Hurford er ein engelsk organist, fødd i 1930, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Peter_Hurford
I 20 år, frå 1958 til 1978, var han organist i St Albans katedral om lag 35 km nord for London, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/St_Albans_katedral

Så etablerte han seg som konsertorganist og lærar, og då eg var i London for eit par år sidan, fann eg ei plate han hadde spelt inn, ein dobbel-CD som syner breidda av hans repertoar. Frå denne plata spelte eg nokre stykker i organistportrettet i Postludiumprogrammet tysdag 28. oktober 2008.

Eg starta med Henry Purcell, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Henry Purcell Han har skrive ein Sonata i D-dur som Hurford hadde arrangert for orgel og blåsarar, opprinneleg versjon var for strykarar. Eg har ein spesiell sans for orgel og messingblåsearinstrument, dei kler kvarandre sævrt godt. Her fekk vi Allegro, Adagio og Allegro, tre korte satsar med fint driv og nydeleg spel.

Deretter kom Antonio Solers Concerto No 1 i C-dur for to orgel, der Peter Hurford spelar saman med Thomas Throtter i katedralen i Salamanca i Spania. Sjå denne spanske sida: http://es.wikipedia.org/wiki/Catedral_Nueva_de_Salamanca om katedralen, denne danske sida om komponisten Soler: http://da.wikipedia.org/wiki/Antonio_Soler Stykket har to satsar, ein andante og ein minué.

Siste stykket var ein orgelkonsert av Georg Friedrich Händel, i g-moll, opus 4, nummer 3. Her spelte han på eit orgel i Nederland, i Betlehemskerk i Papendrecht. Her er meir om Händel: http://da.wikipedia.org/wiki/H%C3%A4ndel

Siste veka i oktober 2008

Share

Tysdag 28. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret. Om Wikipedia og Adolf Bjerkreim.
18:15 Over ein open Bibel. Irene Krokeide Alnes
18:30 Møteplassen. Reprise: Samtale med Thorvald Steen.
19:00 Historien om de 10 bud. Denne gjekk ut, i staden sende eg Missa Caritatis av Ragnar Bjerkrheim.
20:00 Aktuelt fra kirke og kristenliv landet rundt.
Mediekommentaren fra Familie & Medier.
Webpastor Asbjørn Kvalbein
Arne Domnerus: La meg få høre om Jesus. Opptak frå Fredrikstad
Intervju med Astri Nomeland på tlf. om diakonimøte onsdagskvelden på Nomeland bedehus
20:30 Postludium ved Harald Haugland
Organistprotrett: Peter Hurford spelar Purcell, Soleri og Händel
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. oktober

Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Syklar til Cuba

Share

No er Jan Olsen i full gang med å samle inn syklar til Cuba att. I begynnelsen på november går turen til Cuba, då skal to kontainarar vere fullpakka med syklar og datamaskinar og mykje anna som kan brukast til jolegåver.

Om dette fortalde han levande onsdagskvelden då han endeleg fann ein plass på vegen mellom Arendal og Evje der han hadde så god dekning at han kunne stoppe og slå av ein mobiltelefonprat med Valle Radio. Midt i intervjuet kom Jakob Saaghus forbi. Han var på veg heim frå Oslo og såg at Jan stod der, så han måtte høyre om det var noko gale.

Det såg lenge ut til at sykkelprosjektet skulle måtte slutte av etter åtte år og om lag 4000 syklar til dei fattigaste av dei fattige. Jan har kravd å sjølv få vere med og dele ut syklane, ta bilete og formidle kontakt mellom gjevar og mottakar. Men siste året skar det seg, styresmaktene ville ikkje late han halde på, og dei syklane han hadde med seg nedover, vart beslaglagde. Jan skriv i Setesdølen at dei såkalla sosialistane både laug og stal og i år sa folka i provinsen dei pleier å vere i at dei kunne få setje frå seg kontainarar der, men så skulle dei syte for utdelinga. Jan meinte at det ville vere den siste olje for prosjektet, noko slikt kunne han ikkje gå med på.

Men så, for knapt eit par veker sidan fekk han melding frå kyrkjestyresmaktene på Cuba om at kyrkjelyden i Puerto Esperanza i Pinar del Rio-provinsen gjerne ville ta imot syklane på Jan sin måte. Dette området var sterkt råka av orkanen Ike, så no pakkar Jan for harde livet.

I radioen sa han at han gjerne tok imot syklar, men han kunne ikkje hente dei. Han vona og at han skal få byggje eit orkansikkert hus for ein fattig familie. Og så er han spent på kva kyrkja kan gjere som sosialistane ikkje får til.

Syklar kan ein merke med Jan Olsen Cubaprosjekt eller noko liknande og setje ned på Shellstasjonen på Bygland, så får dei plass i ein av dei to kontainarane som no pakkast. Her er bloggen til aksjonen: http://blog.syklertilcuba.org/

Og her er heimeside med kontonummer om du vil støtte prosjektet.

Hestekveld

Share

I morgon er det hestekveld i stallen til Tone Silje Rysstad. Etter at ho tok utdanning som hesterøkter, har ho bygd den gamle Yamaha-verkstaden Åge hadde før han flytta verksemda sør på Rysstadmo om til hestestall. Der har ho plass til sju hestar, og ho tilbyr seg å ta imot hestar for folk som treng stall og stell for hestane.

-Eg gjer dritjobben, så kan de ha kosen, seier ho til kundene sine.

Difor har ho ope hus i stallen i morgon mellom 18 og 19. Då kan folk kome og sjå kva som skjer i den gamle scooterstallen og ha ein hyggeleg prat med kvarandre om gleda ved å ha hest, dei kan melde seg inn i Valle Rideklubb, som vel kanskje har 25-30 medlemmer, eller bare finne ut kva som skjer.

Tone Silje var i Valle Radio onsdagskvelden klokka 20 og fortalde om prosjektet sitt. Ho brenn for det og vi merka hennar glede og entusiasme og ynskjer henne lukke til. Kanskje vert det reportasje i Valle Radio seinare ein gong. Men ikkje til onsdag, for då er det kommunestyremøte, som det brukar å vere siste onsdag i kvar månad. Torhild Sandnes skal vere teknikar den kvelden.

40 år på Valle Handel

Share

Onsdagskvelden kom Gunnar Brottveit i studio for å snakke i høve at det tysdag var 40 år sidan han begynte på butikken. Før han kom til Valle hadde det vore problem, og han var usikker på om han skulle slutte på Moisund, der han hadde ein grei jobb. Men det løyste seg då han fekk meir betaling enn han hadde, han kravde 25.000 kroner i året for å kome til Valle, og etter noko tid til å tenke seg om, aksepterte styret for butikken det.

Gunnar fortalde levande og greitt om utviklinga ved butikken i hans tid. Dei flytte inn i andre etasje, og der budde dei heilt til for få år sidan. Det kunne nok av og til vere litt uroleg i sentrum om kveldane, men ein vert vant med det meste.

Då han begynte på Valle Handel, som no heiter COOP Valle BA hadde dei ikkje sjølbetjening. Då henta kjøpmannen varene frå hyller bak disken. I hans tid har det vore fleire utbyggingar, men tomta gjev i grunnen ikkje plass til meir utbygging no, noko står alt på kommunal grunn, trur eg han sa i løpet av samtalen vår.

Gunnar har i tillegg til å drive butikken og føre rekneskapen og ta del i alt det praktiske arbeidet, ved hjelp av brevkurs teke autorisasjon for å selje radio, TV og parabolanlegg. Og så har han hatt eit sterkt engasjement i Valle IL og vore leiar for laget i fleire år. Det er særleg sykling og ski som har vore greinene han har vore aktiv innan, han har sykla Trondheim – Oslo og mange andre lange turar i Norge og også vore med på sykkelritt i Sverige. Men ikkje Color Line Kristiansand Hirtshals, han har i grunnen redusert syklinga ein del etter at butikken tok til å ha ope til klokka 18, då er det ikkje så mykje att av kvelden at treningsgrunnlaget kan bli godt nok. Men framleis tek han skituren til Sirdal, Sesilåmi, kvart år. Han har vore med på alle renna, med unntak av det fyrste.

Og butikken har utvikla seg, no er det få agentar som står og tek opp bestillingar, no går det på data. Rekneskapen har han fått hjelp til tre dagar i veka og tunge lyft med kraftfor er og sjeldnare. Ein lyt fylgje med tida og tilpasse seg dei endringane som kjem.

Hjartestartar og sykkelritt

Share

Det har vore hjartestartar i Vallehalli i eit par år, men om folk ikkje veit korleis den skal brukast, er det til lita nytte. Difor arrangerte Valle IL eit kurs for trenarar. Av åtte inviterte deltok åtte, fyrst fire timars generell fyrstehjelp, deretter tre timar trening i å bruke hjartestartar på ei treningsdokke. Dei lærte å lese informasjonane som kjem fram i displayet på hjartestartaren. Kursleiar var Terje Refsnes frå Sørlandets Førstehjelpsundervisning.

Hans Skottrud, som har 40% stilling som driftsleiar i Valle IL, var i radioen onsdagskvelden for å fortelje om dette. I samtalen vår kom vi inn på systemet som dei har i ambulansen, den hjartestartaren dei har der er meir avansert, den kan stå i kontakt med sjukehuset direkte og folka i ambulansen kan få råd frå legane på sjukehuset.

Som driftsleiar i Valle IL jobbar Hans Skottrud med mange ulike oppgåver. Han kom mellom anna inn på at det hadde vore eit møte om Color Line Kristiansand Hovden, sykkelrittet som ein no arbeider med å få oppgradert slik at fleire får ei oppleving rundt det, og slik at fleire kan vere med. Ein har mål om å auke frå 800 deltakarar til 4000. Men for å få til det, tenkjer ein seg store skjermar langs vegane der folk kan fylgje med på situasjonen, ja ikkje bare langs vegen, men og på internett heime eller ved å bruke IP-sonar som no er tilgjengelege i fleire tettstader i Setesdal. Ein kunne jo tenkje seg ein storskjerm i Valle sentrum som synte utviklinga i sykkelløpet og så kunne fleire hundre samlast og heie på syklistane og naturlegvis handle og gjere det ein gjerne gjer i sentrum av Valle siste laurdag i mai.

Det fekk meg til å tenkje på Tour de France, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Tour_de_France Når vi ser på det rittet om sommaren, er det jo tusenvis av tilskodarar som kransar løypa. Ein kan vel vanskeleg tenkje seg å stenge Riksveg 9, men i alle fall regulere biltrafikken denne dagen. Då eg nemnde helikoptera som fylgjer Touren, kunne Hans fortelje at siste året hadde dei filma rittet frå helikopter.

Dark Season i Valle Radio

Share

Onsdagskvelden fekk eg ein triveleg prat med Liv Håland i Dark Season. Heimesida til arrangementet finn du her: http://www.darkseason.com/

I kveld starta arrangementet med stor kyrkjekonsert i domkyrkja i Kristiansand. http://no.wikipedia.org/wiki/Kristiansand_domkirke

Her var Bjøro Håland http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8ro_H%C3%A5land og ei rekke av dei andre artistane som skal vere med på arrangementet samla for å syngje gospel. Vestergabet, dirigent Jon Kleveland, Anne Karin Kaasa, Tommy Cash, Charlie Blackwater, Guttane og Gaasehud frista sterkt, men det vart ikkje til at eg tok turen nedover.

I morgon kveld er det konsertar i Caledonien Hall, Caledonien Dancing, Clarion Ernst Hotel og Kick Malt og Mat og laurdag er det dei same stader. Nytt av året er ein barnekonsert, kunne Liv fortelje. På Kick klokka 13 kjem Barne-TVs Skrimmel Skrammel, og det er gratis for born og 100 kroner for vaksne.

Det er 11. gongen Dark Season vert arrangert, og artistar står i kø, nokre har vore med frå starten, andre er heilt ferske. Her er lista:

Fredag:
Caledonien Hall: Steinar Revheim Band, The Violent Years, Steve Harley og Cockney Rebbel
Caledonien Dancing: Inger Lise Stulien, Rita Eriksen, Bjøro Håland og The Faboulous Could Have Been
Clarion Ernst Hotel Unplugged: Casey Kelly, Leslie Ellis, Todd Cerney, Inger Marie Gundersen, Paal Flaata, Hansen/Randow
Kick: Madcon

Laurdag:
Caledonien Hall: Flekkefjord Sangforening, Hard Core Trubadours, Tommy Cash og Åsmund Åmli Band
CD’en: Beatleskveld: All you need is Love. The Faboulous Could Have Been, Bjorvands, Det Betales
Clarion Ernst Hotel Unplugged: Casey Kelly, Leslie Ellis, Todd Cerney, Finn Kalvik, Bøygardsøstrene,
Kick: ABBA-kveld: SOS Tribute to ABBA

Liv fortalde at det ligg nærare 10 månaders arbeid bak festivalen. Vi kom og inn på Norsk Hostfest og Bjøros store suksess på det arrangementet.

På heimesida finn du meir informasjon om artistane. Det er billettsal ved inngangen for dei som ikkje har vore tidleg ute og fått via posten. Eg veit at mange frå Valle og Bykle dreg nedover for å få med seg ein konsert eller to.

Open sending

Share

I kveld fekk eg vere telefonvakt på Open sending. 84 telefonar på 9 rebusar var så langt eg kan sjå ein av dei kveldane i haust med flest telefonar. Det var 50 meir enn sist gong då eg hadde var i studio under Open sending.

Anna Rysstad og Rolf Erik Homme hadde eit triveleg program der dei delte ut lykter til alle som hadde ei soge å fortelje, og det hadde dei fleste. Unge og eldre løyste rebusar og ringte inn svar, i det sure og kalde veret ute var det triveleg tidtrøyte. Rebusane var frå Setesdølen sitt siste nummer, og dermed gjekk ein gjennom aktuelle saker ein gong.

Open sending er eit program der ein kan ha kontakt med lyttarar. Som oftast kjem det og fram eit og anna folk ikkje visste frå før. Sjølv folk som har kjent kvarandre det meste av livet hugsa ikkje at Berit Homme hadde hatt sommarjobb på Norheim kafe, noko ho fortalde då ho kom inn etter at den plata av Åsmund Åmli var blitt spelt. Dei som ynskte å høyre den, køyrde over Suleskarvegen og klaga over mykje snø på vegen, så fekk lyttarane vite det og.

Apropos køyring, eg hadde ein prat med Jan Olsen, som var på veg frå Arendal til Bygland med eit lass syklar han hadde samla inn der nede i dag, det er syklar til Cuba, og han skal pakke to containarar og sende om eit par veker. Men eg måtte vente ganske lenge før dekninga på mobilen vart så god at vi kunne prate saman. Eg hadde jo trudd at det var full dekning langs ein slik veg, den er jo ikkje ein heieveg utan trafikk.

Når vi har Open sending, treng vi gode medhjelparar. I kveld var eg telefonvakt saman med Jorunn Lund Harstad, som er ein trugen medarbeidar i radioen. Ho har anten vore i studio eller bak kulissane i alle sendingane våre i oktober.

Vi prøver å unngå at same personen kjem inn i studio fleire gonger. Dette fordi det blir betre radio når ein kan snakke med fleire folk. Men det er vanskeleg å unngå det, og til tross for at vi hadde så mange som ringde, kom same person inn tre gonger. Ho nytta hustelefon og to mobiltelefonar, så når ho hadde kome gjennom på den eine, la ho vekk den og brukte ein annan. Det må vi vel helst leve med, men det er ei utfordring for programleiarane å snakke med den same personenen tre gonger. Rolf og Anna løyste det med glans, og i morgon kan premiane hentast på Statoil Rysstad for dei som bur i Hylestad og på Esso i Valle.

Kristenlivsnytt

Share

Etter at Noreamagasinet forsvann, har eg prøvd å halde ein halvtime med kristenlivsnytt frå heile landet, og frå Valle. I kveld hadde eg funne stoff hos Familie og medier, sjå http://www.fom.no/sider/tekst.asp?side=4077 Dei les stoffet sjølv, så eg kan bare setje i gang ei fil.

Men KPK sitt stoff må eg lese. Det fann eg her: http://kpk.no/index.cgi?art=5334 200 millionar til Blå Kors
og her: http://kpk.no/index.cgi?art=5319 Nede på sida finn du stoffet på nynorsk.

Eg ville gjerne ha anna nytt og meir, men det er ikkje alltid eg har høve til å gå rundt på heimesider til ulike organisajsonar og finne ut kva som rører seg.

Vidare ville eg ha hjelp til å lese opp desse artiklane. Om det lukkast med å kome i gang med det, vil mykje vere vunne. Den som lever får sjå.