Bøker er den beste jolegåva

Share

Når det gjeld jolegåver, er det sjølv i vår dataspeltid ikkje så dumt med bøker. Eg fekk ei bok til jol i år, og har humra meg gjennom 100 sider sidan i går kveld. Omtalen av boka er slik:

Boken skildrer forfatterens tid på Menighetsfakultetet på 1960-tallet. I første del forteller forfatteren om hverdagen i det teologiske studentmiljøet. Andre del er viet det nynorske studenthårklippelaget Firda Maskinlag L/L, og tredje del tar for seg professorene og lærerne ved fakultetet. Har navneliste.

Det handlar om Anfin Skaaheims bok: Herlig er studentens kall! om studentlivet på MF på 60-tallet med teikningar av Oddvar Søvik. Små humoristisk skisser der prestespirer er omtalt. For den som kjenner nokre av desse eller har lese om dei i ulike samanhengar, er det eit interessant innblikk i det som gjekk føre seg medan dei studerte. Til dømes om studenten som kom opp i latin, eit fag som ikkje hadde mykje med teologi å gjere, og som fekk ein tekst han ikkje hadde sett før. Han reiste seg og sa: Takk, eg kjem heller attende eit anna år. Sjølv om det nok kosta eit halvt år ekstra studium å seie det.

På den tida hadde ein ikkje mobiltelefonar, så det var ein telefon i avisromet på MF der ein kunne få tak i studentane. Regelen var at den som sat nærast telefonboksen, måtte svare, og kanskje ta turen på lesesalen for å finne den telefonen var til, noko som gjorde at ein sette seg så langt borte frå boksen som råd. Ein gong kom Karsten Isachsen gjennom romet akkurat då telefonen ringde, og han lest som han ikkje høyrde, men gjekk rett forbi. Han vart fort hanka inn og måtte svare, og då leika han telefonsvarar: Dette er en automatisk telefonsvarer fra Menighetsfakultetet. Alle studentene er på forelesning nå.

Eg trur eg vil få med meg nokre sider til, å lese bøker er ein triveleg joleaktivitet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *