Om å bli pensjonist

Share

Når ein passerer 60, bør ein førebu seg til pensjonsalderen, heiter det. I så fall burde eg ha begynt, for no er det halvanna år sidan det skjedde. Men eg tenkjer som så at eg får ta ein dag om gongen. Når eg vert pensjonist, skal eg nok finne noko å bruke tida til. Wikipedia vil truleg få ein del av tida mi.

Ånund K. Homme starta Setesdalsforlaget http://no.wikipedia.org/wiki/Setesdalsforlaget og har hatt det som hjartebarn etter at han vart pensjonist. Eg veit ikkje kor mange bøker han har gjeve ut, han veit det truleg ikkje heilt sikkert sjølv, men det er blitt ein del med åra. Ein av forfattarane hans er Anders Dybing.

Anders Dybing har gjeve ut bok nummer 10. Han er 90 år, pensjonert gartnar og aktiv forfattar. Bøkene kjem ut på Setesdalsforlaget. Fredag var han Dagens namn i Fædrelandvennen, denne skribenten i Songdalen. Han er fødd i Lund kommune, med ein far som arbeidde på jernbanen. Under krigen budde dei i Sogndalen, og der kjøpte dei gard for å kunne dyrke mat i den vanskelege tida. Sidan overtok Anders dei tretti måla etter faren og dreiv planteskole der. Men han avvikla planteskolen og fekk seg fast jobb.

Då han vart pensjonist, dyrka han blomar som kunne turkast og folk kom og kjøpte blomar for å turke dei. Ein treng altså ikkje bare sitje med hendene i fanget om ein vert pensjonist. Då det stoppa opp med kunder for å kjøpe blomar, starta han med skriving. Etter kvart er det blitt 10 bøker:

* Fridtjof Nansen 2008
* Vår Dikt 2007
* Roald Amundsen cop. 2006
* Jørgen Løvland 2005
* Fra her – og tilbake Dikt cop. 2004
* Mestertyvene Ole Høiland og Gjest Bårdsen 2003
* Ole Gabriel Ueland 2001
* Jørgen Løvland og unionsoppløsningen i 1905 cop. 2000
* Levende bygdemiljø i 100 år 1996
* Fra svunnen tid- cop. 1995

Den første boka han gav ut, gav han 200 stk. av gratis til Songdalen ungdomsskole. Han ville at «den oppvoksende slekt» skulle få vite noe om kva som har skjedd i Songdalen kommune før i tida. Slik tek han vare på lokalhistorie.

Aktivt pensjonistliv kallar eg det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *