Utan internett

Share

Torsdag 15. januar om lag klokka 15:30 sat eg og heldt på å skrive litt på wikipedia. Eg hadde innboksen på gmail-kontoen min open i eit anna vindu på datamaskinen. Så tenkte eg at eg skulle sjekke epost, eg prøver å gjere det med ujamne mellomrom når eg sit ved datamaskinen.

Men denne gongen fekk epostprogrammet mitt ikkje kontakt med omverda. Det gjorde heller ikkje dei andre vindua eg hadde opne, og redigeringa på wikipedia var det ikkje mogleg å lagre. I staden tok eg meg ein tur på biblioteket, og då kunne Lisbeth fortelje at det skulle installerast ny server, så ho var heller ikkje pålogga. Då skjøna eg samanhengen og måtte bare innstille meg på ein kveld utan å kome på Internett.

Samstundes ringte Margunn og fortalde at Stein var på veg opp gjennom Setesdal. Vi avtalte å treffast på Sylvgarden for å få litt middag. I Valle Radio heiter det i reklamen:
Når du køyrer opp gjennom Setesdalen,
trøytt og svolten, så du mest er galen…

Ettersom eg ikkje hadde så mykje anna å gjere, var eg tidleg på plass utanfor Sylvgarden og sat i bilen og las avisa medan eg venta. Plutseleg kom ein annan bil og stoppa ved sida av meg, og så var det Ellen og James frå Mandal som var på veg til Hovden. Då la eg bort avisa og vart med inn for å få middag i lag med dei. Nydeleg middag, dagens rett, effektiv service, snart stod maten på bordet, og då Stein kom eit kvarter etterpå, fekk han mat med det same han sette seg ved bordet. Godt vatn med isbitar. Det vart eit festmåltid på ein torsdagskveld.

Praten gjekk livleg om alt frå bryllupet på Sandøya i sommar til rotenonbehandling av Kigevannet i Mandal og korpsmusikk og tubaspeling. Snart var middagen fortært og turen gjekk vidare. Vel tilbake i Valle såg eg at det var stor aktivitet på kommunehuset, så eg skjøna at det var liten grunn til å prøve å kome på Internett meir denne kvelden.

-Du får lese ei bok, sa Lisbeth til meg då ho fortalde at nettet kom til å vere nede.

Slik vart det. Fiskerens sønn er ei bok av Vilis Lacis http://no.wikipedia.org/wiki/Vilis_Lacis
som eg har halde på med ei stund. Det vart nokre sider denne torsdagskvelden. Vonleg vert eg ferdig med boka til boksalget på biblioteket tek til neste veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *