Kjempenydeleg mat på Brokkestøylen

Share

Som eg skreiv i går var sommaravslutninga for vaksenopplæringa i Valle lagt til Brokke. Planen var at ein skulle gå turen i lysløypa der og få stemple for postkassetrimmen i Valle, gjerne på begge postane der. Men sjeldan har skyene over Valle hatt slik fart som i dag. Fontena utanfor Menighetshuset bles vatn både sør og nord, mest sørover – vassføyka stod bortover mot sentrum.

Så det vart ingen tur i lysløypa. Vinden var like hard på Brokkestøylen, men ikkje fullt så mykje kast som i Valle. Om ein ikkje fann seg ei lun krå, var det kaldt, sjølv om ein hadde kledd seg for ein fjelltur. I staden kunne vi sitje på terrassen på Brokkestøylen, den låg i le. Her gjekk praten om dyra – høylandsfe og geiter, om lavoane som står der og om det var fisk i elva som renn forbi støylen. Ein viss diskusjon om kraftproduksjon fekk vi og tid til før maten var ferdig.

Maten, ja. Den kan eg knapt beskrive, så nydeleg var den. Vi som arbeider på vaksenopplæringa har etter kvart fått smake burmesisk/ karensk mat i mange situasjonar, men denne gongen skulle dei få smake norsk mat, og Hessel og systera hans hadde laga reinsdyrgryte med ris, grønnsaker og salat. Champignonsopp fylt med blåmuggost med ei valnøtt på toppen var nydeleg tilbehør, og porsjonane var rause. Til dessert var det is i varme bjørnebær, her hadde dei putta ein After eight-sjokolade i og toppa med krem. Det var så nydeleg at ein ikkje kan beskrive det med ord, du må dra til Brokkestøylen og smake sjølv.

Serveringa skjedde rundt eit langbord inne på støylen, vi var 11 stk, det kunne nok vore plass til like mange ved eit anna bord, men når det ikkje er fleire plassar, vert det koseleg og nært, og praten gjekk rundt bordet. Elevane er komne så langt i norsk at dei kan fylgje med på ein samtale når det ikkje går alt for fort, og dei kan sjølve vere med, så praten gjekk livleg. Men tida gjekk alt for fort, kvart over elleve måtte elevane dra tilbake til Valle, fleire av dei skulle sjå borna i ei avslutningsforestilling på Valle skule, andre skulle på jobb klokka tolv.

Sjølv sette eg kursen for Mandal, og etter ein stopp på Evje for påfyll av kaffe i YX-koppen min, gjekk siste del av turen mot Vehustoppen, der eg svingar av til Stokkeland og køyrer ned Sogndalen til Brennåsen før eg tek siste del av turen heim på E-39. I dag var eg så tidleg at køane ikkje hadde starta, når eg kjem der i halv fire-tida, slik eg pleier å gjere når eg køyrer heim til helga, er det mykje meir trafikk.

Eg vil anbefale eit besøk på Brokkestøylen i sommar. Øystein la seg i hengekøya og tok livet med ro, det kan du og gjere, anten før du får maten servert, eller etterpå. Om ho er ledig, då. Og om du ikkje skal gå turen inn og få klipt kortet i Postkassetrimmen.

One thought on “Kjempenydeleg mat på Brokkestøylen”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *