Avskilsgudsteneste for prost Sigurd Skjelsbæk

Share

Denne helga har vore meir innhaldsrik enn dei fleste. Som regel er helgene mine nokså rolege: Eg dreg til Mandal og held meg heime til eg dreg oppover att. Men denne gongen vart det mykje aktivitet. To av dei kan du lese om her på bloggen for fredag og i går, det var fredagens deltaking i Dagsnytt 18 og laurdagens garasjefest.

I dag var det ein ny dag, og i dag valde vi kyrkjegang for å vere med på avskilsgudstenesta for prost Sigurd Skjelsbæk, som no skulle verte pensjonist. Biskop Olav Skjevesland og Mandal kantori deltok, og etterpå var det kirkekaffe på Hald. Den droppa vi, men vi drog tidleg til kyrkja, og måtte likevel parkere langt oppe i bakken nær det gamle sjukehuset. Mandal Parkeringsselskap held den eine etasjen i parkeringshuset i Halsefidja lukka på sundagane, eg høyrde ei som sa ho hadde ringt til parkeringsselskapet og sagt at dei burde opne det, for no parkerte folk alle stader, og det var i grunnen sant, ein parkerte der det var plass denne dagen, dei oppmerka parkeringsplassane var tidleg fulle.

Som du skjøner var det mange folk i kyrkja. Mandal kantori er så stort at dei kunne vore to kor, og dei gjev oss vakker song når dei er med i kyrkja. Inngangsprosesjonen var til salma Guds kirkes grunnvoll ene, 537 i Norsk Salmebok. Med blåsegruppe saman med orgel og fulltonande kyrkjesong var den starten ei oppleving i seg sjølv, så eg song for full hals, det trur eg det var mange andre som og gjorde, for det vart eit veldig salmesus i kyrkja. Sidan gjekk det slag i slag med liturgi, dåp, tale, takketale frå biskopen, som eg trur var i Skien i kveld for å ordinere ein ny prest. Det er ikkje så ofte vi får høyre motettar no, men kantoriet hadde i alle fall to, den eine var Salige er de som bor i ditt hus, ein vakker introitus av Harald Gulliksen.

Elles hadde Skjelsbæk, som hadde 30 års tenestetid som prost bak seg, og i den tida og ein periode i Alstahaug, fått med to salmer av Petter Dass. Det var dåpssalma på 612 i Norsk Salmebok: Kristus kom med vann og blod, du kan lese teksten på http://www.orkdalsmenighetene.no/daap/salmer/nos612.htm og høyre melodien spelt på orgel på YouTube her: http://www.youtube.com/watch?v=2s1olgo7v6s Den andre Dass-salma var Om alle mine lemmer, som står på 529. Det var avslutningssalma, og då løfta taket seg nesten i kyrkja, og det er ganske høgt oppe i denne kyrkja. Teksten finn du her: http://www.orkdalsmenighetene.no/vigsel/salmer/nos529.htm

Ofringa denne dagen gjekk til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i samband med tørkekatastrofen på Afrikas Horn. Skjelsbæk sa då at dei som ikkje skulle gje noko, kunne ta turen rundt alteret likevel, og så kunne han få takke for tida i Mandal. Den ofringa tok over 20 minutt, og eg tenkjer han var øm i handa då den var slutt. Kor mykje som kom inn får vi vite neste sundag.

I morgon skal eg skrive om siste post på denne helgas program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *