Dagsnytt 18

Share

I dag fekk eg ein telefon frå redaksjonen i Dagsnytt 18 om eg kunne tenke meg å vere med i ein samtale om Wikipedia. Det var eit tilbod eg ikkje kunne la gå frå meg, så eg lova å gjere det. Dermed fekk eg tilsendt artikkelen frå Klassekampen om korleis nokre høgre-ekstremistar har prøvd å påverke engelsk wikipedia. Sjølv om dei vart oppdaga og mange av redigeringane deira fjerna, ligg det noko att og er med på å definere ord og omgrep i den sektoren av samfunnet, sa Arnulf Hagen, professor ved NTNU i Trondheim, som hadde gått litt djupare inn i ei side av Manifestet som dukka opp i kjølvatnet av Terrorkatastrofen i Oslo og på Utøya.

Også journalist for digitale medier i Dagbladet, Jan Omdal var med i samtalen, som varte i ti minutt, og då kan du sjølv tenke at vi ikkje fekk mykje taletid kvar. Med programleiar Anne Grosvold var vi fire, så det vart 2,5 minutt på kvar. For å spare meg for noko køyring, drog er direkte til NRK Sørlandet sitt hus på Tangen i Kristiansand, der vi var med Valle Radio for nokre år sidan. Der fekk eg låne ein PC og så kunne eg oppdatere meg, lese kronikken og finne ut litt om den aktuelle situasjonen i wikipedia i dag. Då hadde vi 310.750 artiklar, Ein kan jo ikkje garantere at det ikkje er feil ein eller annan stad i så mange artiklar.

Men wp har eit omfattande system for å oppdage og å fjerne vandalisme, så mykje av det som vert lagt inn kvar dag, vert fjerna nokså omgåande. Det vil jo likevel snike seg inn noko med tida, sjølv om mange brukarar overvaker og passer på artiklar dei er interesserte i. Så ein kan aldri seie at nettleksikonet er feilfritt, og undersøkingar har synt at det ikkje er fleire feil i wikipedia enn i Encyclopedia Britannica, som vel er det mest seriøse engelske leksikonet.

Men det var ei artig erfaring å snakke til ein million lyttarar, ikkje bare dei to tusen som høyrer på tysdags- og onsdagssendingane i Valle Radio. Denne gongen var det jo ikkje så vanskeleg å vere wikipedias pressetalsmann, for saka var viktig å snakke om. Stoff ein finn på Internett bør kontrollerast mot andre kjelder om det er viktig å kvalitetssikre det. Og wikipedia er ein god plass å starte med å få eit oversyn og ofte og få kjelder til ein stad lesaren kan få vite meir.

Takk til alle som høyrde på og gav tilbakemelding på Facebook, det var mest som å ha fødselsdag att, bare ei veke etter forrige runde med mange tilbakemeldingar.

3 tankar om “Dagsnytt 18”

  1. Bra innslag, selv om programlederen famlet med hvordan spørre om dette mystiske nettfenomenet.

    I dagene etter 22/7 hentet jeg ut lister over alle wikipediaartikler som terroristen hadde lenket til i sitt såkalte manifest (150 stk). Der støtte jeg også på redigeringer av den samme kontrajihadistiske gruppen som som senere ble omtalt av Klassekampen. Det så ut som om det var gjort en god jobb med å motstå presset med få definisjonsmakt over disse artiklene.

    http://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Brukerdiskusjon%3ANettrom&action=historysubmit&diff=9144794&oldid=9144161

  2. Om jeg hadde hatt denne informasjonen da jeg var i Dagsnytt 18, kunne jeg svart mer spesifikt på problemstillingen som var oppe. Jeg lurer på om ikke det stoffet du har der, kunne vært grunnlag for en ny kronikk i Klassekampen. Tusen takk for kommentaren.

  3. Liker ideen din om en ny kronikk, og kanskje ikke bare til Klassekampen. Jeg tror det er viktig at denne delen av wikijobbingen kommer frem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *