Garasjefest

Share

Garasjar kan nyttast til meir enn å parkere bilar i. Ein nabo sin garasje var i kveld gjort om til festlokale for oss tjue innbyggarar i grenda mi her i Mandal. Kvar sommar brukar vi å ha ei slik samling, og i år var det til og med nokre nye naboar som har flytta inn i grenda, ei dame med røter på Nærbø og ei anna med tilsvarande røter i Lyngdal. Dei fleste andre var mandalittar, sjølv om nokre var meir naturaliserte enn dei andre,

Menyen på desse festane har nok variert noko år om anna, etter det eg hugsar, starta det heile med reker, men i år stod det spekemat på serveringsbordet. Med rømme, eggerøre, potetsalat og eit rikt utval garnityr var det eit godt måltid, i tillegg kjem det gode som fylgjer med ein god samtale. I grunnen er det alt for sjeldan vi har slike samkomer, som oftast møtest bare dei som hentar posten, og så helsar vi til kvarandre når vi køyrer forbi kvarandre elles i året. Men denne kvelden er vigd til gode historier, opplevingar, god mat og god drikke.

Dei fleste av dykk som les bloggen min veit nok at glasset mitt er utan sterkt innhald, men eg kosar meg minst like mykje som dei som vil ha noko ekstra i glasset. Og kaker og kaffe utpå kvelden, det er alltid vellukka, og i kveld var det både ostekake og marengs med sviskekrem, så her var det god råd å nyte både salt og søtt.

Så sat vi der og prata, nokre hadde høyrt meg på dagsnytt 18 i går kveld og kommenterte det, og eg snakka litt om wikipedia med dei som ville vite meir, men elles gjekk praten mest om laust og fast i bygda. Neste helg står ein 40-årsdag for tur, og dei som skal ha den nytta høvet til å levere munnleg nabovarsel, ettersom alle berørte var til stades på garasjefesten.

Som vanleg når grannar møtest, snakkar mennene om bilar og damene om ungar, og noko av tida gjekk nok med til slikt snakk denne kvelden og. I alle fall gjekk tida fort, og for å rekke å skrive denne bloggen, måtte eg bryte opp noko tidlegare enn dei andre, men eg vonar at når dei les bloggen, skjønar dei at både eg og Reidun sette pris på å få vere med på arrangementet også i år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *