Meir om NRK

Share

Ein skjøner jo kvifor lisensen er høg når ein ser kva som må til for å lage eit om lag åtte minutt langt innslag i NRK Sørlandet si sending i går, frå om lag 18:47 til 18:55. Her var Anne Berit Larsen som stod for ein del av praten, men Svein Sundsdal var og med, han hadde ein prat med Steinar Kyrvestad, og Erik Wiig-Andersen laga reportasjem ned Jostein Rysstad og kona Caroline om gleda ved å få busette seg på eit småbruk.

Eg talde ikkje kor mange dei var frå NRK i Kristiansand, men dei kom i løpet av dagen med fem bilar. I tillegg til TV-innslaget var det nokre innslag i sendinga i radioen både i perioden frå 11 til 12:30 og i perioden frå 16 til 17:30. Ettersom det ikkje høvde for meg å få med meg særleg mykje av sendinga i radioen, veit eg at det var ein prat med Kay Jeiskelid og Jon-Rolf Næss, men det verka og som om det var mykje annan som skulle med i sendinga, så særleg Valle-preg fekk ho ikkje, så langt eg fekk med meg.

Eg føreslo at dei skulle lage noko med karenarane våre, dei kunne få dei til å synge ein sang og fortelje om festivalen som skal vere på Evje sundag frå klokka 18 til 20.15, med country gospel music med norske artistar som har vore i Burma og fått konserten avbroten fordi soldatar kom og dei måtte flykte hals over hovud tilbake til Thailand. Det ville kanskje blitt eit minutt i radiosendinga, men det var visst ikkje interessant. Heller ikkje var det interessant å lage noko med Olaf Engestøl jr. som er KrF sin ordførarkandidat i Iveland. Han kom innom i Valle i går, som eg skreiv på bloggen i går, saman med Kjell Ingolf Ropstad, og dei sat og venta til klokka 15 for at folka i NRK skulle finne ut om dei ville lage noko med dei. KrF sin ordførarkandidat i Valle var heller ikkje interessant, like lite som Venstre sine folk var det, dei sat i bakgrunnen medan Tarald Myrum og Steinar Kyrvestad vart spurde ut, og så fekk dei vinke til sjåarane til slutt. Høgre sin Frode Verpe, ny og urøynd og likevel ordførarkandidat, var ikkje på TV, om nokon av dei som ikkje var på TV, kom på radio, det har eg ikkje fått med meg.

Men onsdag 7. september kjem dei i Valle Radio, alle saman, anten dei var på TV eller ikkje i går, for då skal Ole Birger Lien stå for valsendinga vår. Det skal i grunnen ikkje så mykje til for at det vert betre enn NRK klarte å få ut av stuntet sitt i Valle onsdag 24. august.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *