17 millionar

Share

Etter det eg skjøner har Magnhild Meltveit Kleppa vore på Langeid i dag tidleg og lova 17 millionar i 2012 til vegstrekninga Krokå-Langeid. http://www.fvn.no/lokalt/trafikk/article898869.ece Dermed kan siste parsellen i Bygland lysast ut på anbod og arbeidet som er i god gjenge vil kunne halde fram slik at me innan eitt år har oppgradert Riksveg 9 nord for Ose til grensa med Valle. For oss som bur i øvste delen av Setesdal er det godt nytt, for no vil me vite at når me går gjennom bommen på Besteland, er det bare Frøysnes og Skomedal att av smal veg i Bygland.

I Valle står fleire strekningar att, men særleg strekninga mellom Sandnes og Harstadberg kunne sårt trenge til utbetring, den er både svingete og smal. Fleire stader er den og utsett for snøras, sjølv om mykje er gjort i så måte. Eg hugsar ein sein kveld då me budde på Nomeland at eg skulle heim frå Valle og køyrde meg fast i eit slikt ras frå nord. Heldigvis kom ein taxi med lege frå sørsida, og då måtte jo brøytebilar ut, så etter kvart vart vegen opna att.

Problemet med snø kan som regel løysast, men den smale og svingete vegen nord for Sandnes har vore ei kjelde til angst meir enn ein gong for svært mange av folk som køyrer mellom Valle og Rysstad, og der er det i grunnen stor trafikk kvar dag. Hadde bommen stått på Flårenden, hadde den nok fått inn meir pengar enn der den no står, ein eller annan sa at den står på staden i Setesdal med minst trafikk. Då er det ikkje rart om det ikkje vert nok pengar til å halde kontinuerlig vegbygging for å få gul midtstripe til Hovden. Den skulle jo stått sør for Evje, slik at evjedølane og kunne ha betalt bompengar. Du kan forresten sjå filmen om det om du klikkar på denne lenka: http://www.youtube.com/watch?v=1hBkkQIbKUc Det er bryet verd å sjå filmen, morosam og informativ som han er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *