1700 artiklar

Share

I dag runda Setesdalswiki 1700 artiklar. Det var ein artikkel om Coop Marked Byglandsfjord som førde det regionale leksikonet over på neste hundretal, og ein kan vone å runde 2000 ved joletid, for dei siste månadene har det vore om lag hundre nye artiklar i månaden, og i dag er det tre månader til jol.

Ikkje lenge etter at artikkelen var skriven, hadde Reidar Tveito lagt inn bilete av butikken på Byglandsfjord. Han fylgjer med på kva som skjer på setesdalswiki, og når han har eit bilete som høver, legg han det inn. Det er ei god hjelp i å gjere leksikonet best mogleg når ein kan ha bilete til å illustrere artiklane.

Eg fann og informasjon til å legge inn om selskapet som no driv butikken i Grendi. Det er eit aksjeselskap med Oddvar Omnes som styreleiar, Grendi Handel AS. Leksikonet vart jo starta for å gjere næringslivet i Setesdal kjent. Det har nok blitt meir kultur og natur enn næringsliv, for det er ikkje lett å finne kjelder på næringslivet, og eit leksikon skal helst ha grunnlag i kjelder som kan finnast ein eller annan stad. Eg er svært takksam til Setesdølen for at vi får nytte avisa som kjelde, den er den einaste trykksaken som systematisk dokumenterer det som skjer i Setesdal. Men også den har meir kultur og politikk enn næringsliv, noko som vel er nokså naturleg. Og sjølv om den har næringslivsartiklar, er det ikkje alltid informasjonen høver til å omforme til leksikonspråk.

Leksikonspråk er ein eigen sjanger. Då leksikona var papirbaserte, var det om å gjere å skrive kort. Slik er det ikkje i eit digitalt leksikon, men ein må likevel halde seg til fakta og ikkje til reklame. Målet er at artiklane skal vere nøytrale. Då er det mykje som fell utanfor i høve til avisartiklar, så artiklane i Setesdalswiki er nok meir kjedelege enn artiklane i Setesdølen. Det fine er at når Setesdølen er brukt til å tenne opp i omnen med, så ligg i alle fall litt att frå avisa på Internett, ettersom eg har fått lov til å skrive overskriftene inn i artiklar. Det var slik artikkelen om Coop Marked Byglandsfjord kom til, dei hadde kome på andreplass i ei undersøking om korleis kundene såg på butikken.

Gratulerer frå Setesdalswiki til butikken på Byglandsfjord.

Dette var artikkel nr. 1700:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Coop_Marked_Byglandsfjord

Og her er lenke til artikkelen om aksjeselskapet Grendi Handel:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Grendi_Handel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *