Sauebonde med poteter

Share

Steinar Kyrvestad var gjest i Haralds time i går, og det vart ein triveleg time. Denne gongen snakka vi ikkje politikk, eg hadde meir lyst til å høyre om korleis ein saue- og potetbonde hadde det i september 2011.

Steinar hadde vore på sauesanking i går, det hadde vore høveleg ver til ein tur. Til no hadde han kanskje fått heim vel halvparten til saman, så det vart nok nokre turar til i fjellet før han var i mål. Han fortalde at fellessankinga var sist helg, no gjekk han aleine saman med hunden. Han var ikkje alltid nøgd med hunden, og då kjefta han meir enn godt var, men dei vart etter det eg skjøna forlikte etter ei stund. Steinar har sauene innover mot Finndalen, og dei driv dei heim etter bispevegen, for det er ein høveleg sti, og han vert vedlikehalden, så sauene, som er vanedyr, kjenner vegen. Ovanom Espetveit bryt dei av sørover og kjem heim oppe i lia over Kyrvestad,

Det var interessant å høyre han fortelje. 35 år som bonde etter at han hadde gått på landbruksskule i Lyngdal, byguten hadde hatt lyst til å verte bonde frå han var ganske liten, så å flytte til Valle var ein draum som gjekk i oppfylling for han og Karin då dei var nygifte. Dialekten fekk han i Kristiansand, men han likar ikkje når nokon seier at han er frå Kristiansand, etter 35 får i Valle meiner han at Valle er heimstaden og at han er frå Valle.

Han omtalte Austheia med glede og fortalde at han treivst med å gå i heia, men det vart for sjeldan og forma var ikkje det ho ein gong var. Men som sauebonde må han inn og sjå til sauene av og til i løpet av sommaren. I år har han ikkje mista noko, så langt han hadde oversikt over, men så hadde han på langt nær fått alle heim. Det var mykje storfugl i heia i år, men lite ryper. Og alle bekkar var fulle av vatn, så det var helst eit problem å få sauene over, for dei likte ikkje alt vatnet, og han måtte helst dra ein av dei over før dei andre kom etter.

Sjølv hadde han ikkje nokon bekk med fall til å få seg eit småkraftverk på eigedomen, og sjølv om det blæs mykje i Valle, meinte han at vindmøller ikkje burde byggjast på hans eigedom, sjølv om det ville gitt ein positiv medskøyt til gardsdrifta. 20 kyr, sauer og poteter fekk vere det ein burde kunna leve av, meinte han. I grunnen var han optimist sjølv om det var litt lotteri med omsyn til korleis ein skulle få berge dei mellom regnbygene. Om dei vert ståande under i vatn, druknar dei, og då treng ein ikkje eingong ta dei opp, for får ein rote i lageret, smittar det ganske så fort.

Vi snakka saman ein heil time, bare avbrote av eit par tre songar, og eg hugsar ikkje alt vi snakka om, men hyggeleg var det og eg har lyst til å takk for ein triveleg time.