August Schneider og Hylestadportalane

Share

Onsdagskvelden var Leonhard Jansen gjesten min i studio. Me snakka om August Schneider, kunstnaren som og samla inn mykje tradisjonsstoff frå Setesdal. Men me gløymde å snakke om dei flotte teikningane han laga av Hylestadportalane og som vart trykte i Skilling-Magazin no. 5, Løverdagen den 4de Februar 1865. Dette var første gong desse vart gjorde kjende for eit større publikum. Det førte til at Oldsaksamlinga sine folk reiste til Valle og sikra seg portalane, som stod ute for ver og vind framom stabbursdøra på Rike.

Erik H. Edvardsen fortalde om dette på Kulturminnedagen 2011 på Setesdalsmuseet, og i Kvitebjørn Konge Valemon 3 har han bilete av teikningane i tusjpenn og xylografi frå Skilling-Magazin.

Setesdalsmuseet har laga ein presentasjon av portalane og soga om Sigurd. Der heiter det:

Historia om Sigurd Fåvnesbane finn ein att i fleire førhistoriske segner og forteljingar. Det er frå same segnkrinsen Richard Wagner henta inspirasjon til sitt storslagne operaverk ”Der Ring des Nibelungen”. Der er fleire portalar med same motiv, men ingen andre er så kunstnarleg utforma og tekne så godt vare på som Hylestadportalane.

I internasjonale oppslagsverk om vikingtida er det knapt eitt som ikkje inneheld eit bilete av portalen frå Setesdal. Historien om Sigurd er skoren ut på breie bordplanker (ca. 2,3 x 0,55m) som i si tid pryda den gamle stavkyrkja på Bjørgum i Hylestad, og vart laga ca. år 1200. I den lafta kyrkja som vart sett opp midt på 1600-talet, vart portalstolpane plassert som inngang til koret. Då også denne kyrkja vart erstatta med ei ny i 1838, kom portalen etter kvart til det som no heiter Kulturhistorisk Museum i Oslo.

Portalane er eit vitnesbyrd frå ei tid med religionskifte, om overgangen frå vikingtid til middelalder. Utskjeringane visar mellom anna helten Sigurd som smir eit sverd, som han drep draken Fåvne med. I same tidsrom dreiv mange med jernutvinning i Setesdal, og det må ha vore ein høgt utvikla smedekunst i dalen. Siste utskjeringa er frå ormegarden, der Gunnar spelar harpe med føtene så vent at ormane sovna. Dette er ei av dei første norske musikkinstrumentet som det er bilete av her til lands. Dette instrumentet er forresten laga i kopi på bakgrunn av utskjeringane, og det går an å spele på det!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *