Er andaktsboka utgått på dato?

Share

Dette var temaet som prostidiakon Per Emanuelsen tok opp på ein temakveld i kommunestyresalen i Valle i kveld. Diakoniutvalet og Helselaget stod for arrangementet, og Ånund Lund song. Det møtte opp nærare 20 personar, så det var eit høveleg frammøte, og det var loddsal og kaffi og kake.

Dei siste fem åra har Per Emanuelsen samla på andaktsbøker. Den eldste han hadde var frå 1860-talet, trur eg, den siste han hadde fått, kom frå Gunnar Guttormsen, tidlegare skulesjef i Valle, som har laga ei andaktsbok på kopimaskin. Den var frå 2010. I det tidlegare hønsehuset heime har han då samla om lag 160 andaktsbøker, alle med andaktar for 365 dagar.

-Det startar som ei interesse, aukar til ein lidenskap og endar som ein galskap, sa han og nemnde at han hadde hatt høner og vaktlar og kaktus på same måten tidlegare.

Vi som var i salen fekk ei interessant innføring i temaet. Den mest selde andaktsboka er Fredrik Wisløff si Hvil eder litt frå 1938, som var seld i 184.000 eksemplar i Norge pr. 2004. Den er og omsett til svensk, engelsk, finsk og gassisk. H.E. Wisløff si Stille stunder på veien hjem frå 1952 hadde i 2004 kome ut i eit opplag på 130.000 i Norge.

Han trekte og fram ei andaktsbok av Jørgen Grave, og Svein Brokka, som eg sat ved sida av, lurte i pausen på om eg visste kven det var. Eg syntest å hugse at han var ein stortingsmann for KrF, men Svein kunne ikkje minnast det. Dermed gjekk eg ut i hallen og gjorde eit søk på han og då fann eg at det var artikkel om han på engelsk wikipedia, for han var stortingsmann i to periodar frå 1954 til 1965 (ein periode pause, då var han redaksjonssekretær i For Fattig og Rik). Elles var han reisesekretær i Landsindremisjonen, han var frå Drangedal. Då møtet var slutt, skreiv eg artikkel om han på norsk wikipedia og, du kan lese den her: http://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8rgen_Grave

Elles lurte folk på opplagstal for andaktsbøker, og då fann eg artikkelen eg starta i 2007 på wikipedia og som det synte seg at eg hadde skrive det meste av, http://no.wikipedia.org/wiki/Andaktsbok Akkurat då eg fann artikkelen, kom Jamie innom, og dermed fekk eg skrive han ut og gje han til Per.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *