Gratulerer, Lene Dyrkorn

Share

I kveld var Lene Dyrkorn, rektor på Setesdal folkehøgskule, motorsportskulen, i studio. Ho hadde med seg tre elevar, så den halve timen gjekk fort. Eg gratulerte henne med nytt NM i trial, ho gjekk til topps i helga under arrangementet i Riska. Ho hadde med seg tre elevar, ein av dei var Helene Sørlie, som vart nummer to. Lene har tre NM titlar og fem nordiske meisterskap, men hadde i grunnen lagt opp, så ho kalla seg mosjonist. Men når ho set seg på sykkelen, kjem konkurranseinstinktet, så då gjev ho alt.

Valle Radio ynskte å heidre dei to. Styreleiar Ørnulf Hasla kom i studio og overrakte sylvsmykke frå Hasla til både norgesmeisteren og ho som fekk andreplass.

Lene tok over som rektor på Setesdal folkehøgskule, motorsportskulen i sommar. Årets kull var bare 20 elevar, det var litt færre enn i fjor, men dei elevane som er komne i år, er svært motiverte og ynskjer å nytte tida til trening. Kim Daniel Bakkely fortalde at han heime i Os utanfor Bergen trente fire timar i veka, medan her fekk han 16 timar, så han var svært nøgd over høvet til å få så mykje trening dette skuleåret. Den andre eleven som var med, Terje Glomset frå Skodje, var elevstipendiat. Han hadde gått på Sørlandet folkehøgskule (Birkeland) i fjor, men valde å ta eit andreår på folkehøgskule for å kunne køyre trial. Alle syntest opplegget på skulen var godt og treivst godt i bygda. Lene fortalde og at dei skulle vere med på TV-innsamlingsaksjonen i år, slik at skulen og kunne gje noko tilbake til bygda. Alle kytte av treningstilhøva på Åraksøyne, og skulen er med som instruktørar på Hylestad Snøscooterklubb sine treningar på onsdagskveldane.

Då dei var ferdige og gjekk ut av studio, tenkte eg at Valle kommune er heldige som har fått etablert denne skulen. Valle Radio må prøve å få til eit samarbeid slik at vi kan ha innslag frå skulen oftare, ikkje minst når dei får kjende folk frå motorsportmiljøet på besøk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *