Hektisk

Share

Kveldens sending vart meir hektisk enn eg hadde tenkt. Eg likar å ta meg ein høneblund før sending, ofte skjer det i bilen, og då har eg gjerne avtalt med Reidun at ho ringer meg. Men i dag fekk eg ikkje tak i henne, og så sovna eg likevel. Då eg vakna var klokka 17.50, og eg skulle laste ned Norea-programma før eg gjekk på lufta. Det gjekk akkurat, heldigvis.

I sendinga i kveld nytta eg bloggposten frå i går som kåseri. Integrering. Etter sendinga tok eg ein prat med Astrid Kyte, som skal vere med meg i sendinga i morgon, om korleis vi skulle gjere innslaget hennar. Arrangementet i går vart teke opp på, men forma høver etter mi meining ikkje så godt for radio, så vi får sjå kva det blir til.

Etter kåseriet var det Over ein open Bibel med Irene Krokeide Almås. Ho har vore på kyrkjelydsaksjon i Valle for nokre år sidan, og andaktane hennar er det alltid gildt å høyre på.

Sangkvelden i kveld hadde fokus i skulesangboka. Eg hadde fått kommentarane frå Brit Obrestad, som heldt sangkveld i kulturveka i Hå kommune tidlegare i haust. Eg tilpassa dei til programmet og så fungerte det høveleg, syntest eg. Hyggeleg å høyre att slike songar som vi sjeldan møter no til dags.

Etter sangkkvelden var det Nytt frå kyrkje og kristenliv. Her fann eg eit par artiklar i Setesdølen som eg kunne nytte. Den eine var om kompebasar i Årdalshallen på Byglandsfjord, den andre var om nytt sokneråd i Iveland. Etter sangen Hjemme i himlen vart så temaet Jevnt løp i kirkevalget, http://www.kpk.no/index.cgi?art=7870 Den artikkelen handla om dei to gruppene som prøvde å påverke valet til bispedømmeråd og om kor viktig det var å ha eit etternamn som starta på ein bokstav langt framme i alfabetet. Bare tre vart innvalde av dei som hadde namn som starta etter P, medan dei aller fleste innvalde hadde namn frå A til H. No skal sokneråda og velge folk til bispedømmerådet, så prosessen der er ikkje ferdig før nærare jol. Men eg tenkte jo at Rønnaug Torvik, som stod på lista over kandidatar til Agder bispedømmeråd, ville ha små sjansar når slike tilhøve spelte inn. Så vi får sjå om ho vert vald inn seinare i haust, kanskje etternamnbokstav ikkje spelar så stor rolle i det valet. Til slutt i denne halvtimen spelte eg sangen Flyttfåglarna frå plata Minns du sången 2.

Møteplassen handla om den svenske eks-alkoholikeren Alf Lax som er musikar, forkynnar og fengselsmisjonær, mens Postludium hadde fransk kyrkjemusikk på programmet. Til slutt i kveld, på kyrkjebakken, nemnde eg programmet i morgon, som eg har ansvaret for. Så var det møte i Hylestad bygdekvinnelag torsdag, forfattarkveld fredag og sauesjå laurdag. Når det og skulle vere gangarkurs i Bykle onsdag, skjøner ein at det er mange tilbod denne veka. Hektisk, med andre ord.

Meir om programmet finn du på Setesdalswiki, mellom anna speleliste for Sangkvelden. Sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_tysdagsprogram_27._september_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *