Integrering

Share

Det verkar ikkje som om folk i Valle er opptekne av integrering. Folkeakademiet hadde invitert Amal Aden til Valle i kveld. Ho hadde tidlegare vore på Valle skule med stor suksess, då var Valle vidaregåande skule og Setesdal folkehøgskule og med på arrangementet, og gymsalen, Storstoga, var full. I kveld var det om lag 20 menneske, trur eg. Av desse var ti burmesiske flyktningar, dessutan var vi to lærarar i vaksenopplæringa der og flyktningekonsulenten. Då var det kanskje bare knapt ti andre personar der. Eg tykkjer nok det var litt lite, for det var eit viktig tema ho tok opp.

Amal Aden, som kom til Norge då ho var 13 år, no er ho 27, har skrive fire bøker om å vere somaliar i Norge. Når ein veit at ho ikkje kunne lese og skrive då ho kom til landet vårt, må ein kanskje meine at skulestellet i Oslo, dit ho kom, har gjort ein god jobb. Men det kan ein nok ikkje seie, for ho hadde levd på gata i Somalia og kunne ikkje innordne seg under reglane på ein skule, så etter åtte dagar forsvant ho, det var skulegangen ho hadde fått. Ho fortalde ganske levande om korleis ho likevel lærte seg å lese og å skrive, mellom anna ved å plage tilsette på butikkar i området der ho budde. Ho vart utestengd frå mange butikkar for sine mange spørsmål.

Redninga vart ein familie nær Hønefoss, då ho kom til ein liten stad, kunne ho ikkje lenger gøyme seg i storbyen. Familien tok seg av henne som om ho var dotter deira, det kan ikkje ha vore lett, for den somaliske jenta var strid og vanskeleg. Men smått om senn ordna det seg.

Ho var heller ikkje glad for barnevernet. Det var mykje kommunikasjonsproblem mellom barnevernet og innvandrarar, meinte ho. Eit av problema innvandrarar har, er at det ikkje er lov å slå barn i oppsedinga. mange meiner at dei misser reidskapen som er naudsynt for å sosialisere barna. Når så barnevernet grip inn etter melding om vald, blir det sterk konflikt med det same.

Ein av burmesarane, Noe Baw Nya, tok ordet og kommenterte noko av det Amal Aden sa, andre av tilhøyrarane hadde og spørsmål og kommentarar.

Ho meinte nok at det var betre høve til integrering på ein liten stad enn i Oslo. Men det kravde at både innvandrarar og bufaste nordmenn tilpassa seg ein ny situasjon. Norge er eit multikulturelt land, sa ho.

Onsdag kjem Astri Kyte i Valle Radio for å fortelje noko om si oppleving av dette besøket. Eg vonar at vi og får noko lyd, Kjetil Charolis var der og gjorde opptak.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *