Kultur og val

Share

Denne helga var det val, i Valle er det over to dagar, og eg snakka med Jorunn Sørlie Tveiten som kunne fortelje at det hadde vore mykje folk fyrste dagen. Sjølv fekk eg hjelp av henne sist veke til å førehandsstemme, eg stemmer i Mandal og er i Valle måndagen når valet går av stabelen der, dei har ikkje to dagar. Eg trur folk er litt spente på korleis valdeltakinga blir dette året, det har jo vore ein noko spesiell situasjon, for å seie det mildt.

Som eg skreiv i går, var eg på Jæren i helga og feira mor sin 94-årsdag, og me kom heim til Ålgård mellom 23 og 24. Så sov me litt, men alt klokka sju stod eg opp, og litt etter kom mor, dagen hennar er i dag, og kvart på åtte fekk ho første gratulasjonen på SMS frå eit barnebarn som ikkje kunne vere med på festen laurdagskvelden. Me hadde ein hyggeleg frokost før eg sette meg i bilen, eg ville kome meg over fjellet før bubilane frå Dyrsku’n kom mot meg. Eg klarte det nesten, då eg kom til vegen sitt høgaste punkt, tok dei til å kome, og då var det å lirke seg frå møteplass til møteplass, men det gjekk greitt å kome seg nedover mot hyttebyen i Brokke, og snart var eg nede i dalen og kunne vende snuten mot Valle.

Men der var eg bare knappe to timar, så drog eg på Setesdalsmuseet for å høyre på Erik H. Edvardsen, som eg kjenner frå wikipedia, han har skrive litt der. I høve Kulturminnedagen 2011 skulle han fortelje om August Schneider, som teikna og skreiv opp det folk fortalde i Setesdal på 1860-talet. Hausten 1870 budde han fem månader i Setesdal. Det var eit forvitneleg foredrag, og onsdag klokka åtte skal eg ha Leonhard med meg som gjest i Valle Radio. Då er August Schneider tema for samtalen vår. Erik H. Edvardsen har skrive tre bøker om Schneider, og eg sikra meg alle tre, så vi vil ha noko å bla i. Eg trur Lisbeth og skaffa bøkene til Valle folkebibliotek, så du kan låne dei der.

Etter foredraget til Edvardsen var det kaffepause, så fortalde Leonhard om andre samlarar som hadde verka i Setesdal, både Johannes Skar og Svein Hovden. Eg trur kanskje me kan finne noko musikk etter Svein Hovden og bruke i programmet onsdagskvelden. Middag fekk eg meg på Sølvgarden Hotell, der Oddvar Høgevoll med band gav meg taffelmusikk før eg drog tilbake til Valle for å planleggje programmet for komande veke i Valle Radio. Eg skal ha sending både tysdag og onsdag, så no startar me opp att. Det vert og valvake på Valle Motell måndagskvelden med program i Valle Radio, så det er bare å stille inn radioen på vår frekvens komande veke. Måndagskvelden reknar ein vel med å starte i sju-åtte tida, dei andre dagane startar me til vanleg tid klokka 18.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *