Nyaste nytt, kultur og respons

Share

Valle Radio er ganske unik. Me sender ikkje mange repriser, det meste skjer på direkten og folk må høyre når det skjer, det kjem ikkje om att om ein halv time, slik nyaste nytt gjer på NRK. Høyrer ein ikkje sendinga i Valle Radio, får ein ikkje med seg nyaste nytt.

Slik opplevde eg det i kveld, då eg hadde sett fokus på politikk og aktuelle problemstillingar etter valet. Sendinga starta med eit intervju med Jon-Rolf Næss, som har fått i stand ein avtale mellom Ap og Sp i Bykle der han vert ordførar og Tor Hallvard Mosdøl vert varaordførar. Me fokuserte på at det bare er valde inn to kvinner i kommunestyret, men eg gløymde å spørje han om Tor Hallvard kan kome inn i formannskapet når Sp har ei kvinne i kommunestyret. Utan at han kjem inn i formannskapet kan han ikkje verte varaordførar, og for å oppfylle kravet om kvinnerepresentasjon må så langt eg kan skjøne begge kvinnene i kommunestyret i Bykle inn i formannskapet om dei skal nå 40%.

Det problemet løyser dei nok lettare i Valle, der det er sju kvinner og åtte menn. I kveld klokka 21 kom komande ordførar Tarald Myrum i Valle Radio for å fortelje at dei har laga ein avtale mellom Sp, Høgre, KrF og Venstre og at Frode Verpe frå Høgre vert varaordførar. Me var nok først med den nyheten i kveld.

Eg hadde og Anne Grimestad frå Hovden med meg på telefonen i kveld. Ho står i spissen for Setesdalsgildet som skal vere på Hovden laurdag. Det er ei mat- og kulturmesse der matprodusentar i Setesdal kjem til Grendehuset på Hovden for å stille ut produkta sine. Så vert det kokkekamp, smothie-kurs og andre aktivitetar som publikum kan sjå på frå klokka 12 og utover, alt leia av Bodil Inntjore. Det er tredje året arrangementet går av stabelen, og sjølve etar-gildet startar klokka 20 med ein stor buffet i Hovden Grendehus.

Ein annan kulturell godbit i kveld var Leonhard Jansen som fortalde om August Schneider, den fyrste som samla eventyr og segner frå Setesdal, det skjedde på 1860-talet. Han teikna og mykje frå Setesdal, og Leonhard meinte at Sølvgarden Hotell nesten kunne kjennast att på teikningar Schneider laga for 145 år sidan.

Opi sending i kveld var litt spesiell, for eg la rebusane ut på Facebook etter kvart som dei vart presenterte i radioen. Det førte ikkje til så mange fleire telefonar, det var i grunnen ganske få, men nokre kommentarar fekk eg frå lyttarar. Premiane vart fordelte slik:
Anne Nordli, krus,
John Løvdal: Gåve frå Otra Kraft,
Anne Lise Harstad: Gåve frå Gyro K. Homme
Åsmund Rygnestad: Murarskei
Gyro Trydal:Neon Heart mulgti colour interior light
Torhild Lunden: Valle Radios t-skjorte

Ein tanke om “Nyaste nytt, kultur og respons”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *