Paal-Helge Haugen i Valle Radio

Share

I går kveld var det Paal-Helge Haugen som var første gjest i Aktuell time i Valle Radio. Han kom for å seie noko om forfattarkvelden som skal vere i kommunestyresalen i morgon klokka 19. Då skal han og Gaute Heivoll snakke saman om det å skrive, og Paal-Helge fortalde at Gaute bare er med på to forfattarkveldar i haust, det er Litteraturdagane i Vinje og forfattarkveld i Valle. Heivoll er vanskeleg å få ut. Alt slikt utanom skrivinga tek konsentrasjon frå ein forfattar, og når ein er i ein skriveprosess er det mange som lukkar seg inne og ikkje vil ut på møter og foredrag.

Då Gaute Heivoll fekk sin store suksess med Før jeg brenner ned, var han nok ikkje budd på alt det som det medførte av spørsmål frå media og arrangørar. Paal-Helge fortalde at han hadde kjent Gaute frå han var heilt ung og at dei no budde eit godt steinkast frå kvarandre på Nodeland i Songdalen kommune. Den boka som gjorde Heivoll kjent, er litt sjeldan, for den handsamar eit traume som har vore i Finsland heilt sidan brannane, det vil seie då Heivoll var nyfødd. Det har ikkje vore lett å snakke om det, men Gaute Heivoll si bok er litterær psykiatrisk hjelp til ei heil bygd, og alle i bygda har sagt seg nøgde med korleis han har løyst oppgåva. Med å ta saka opp, har han kunne leggje den ned i fred.

På forfattarkvelden fredag kjem dei til å snakke om å skrive bøker. Det blir ein samtale først, deretter blir det ein pause og etterpå kjem dei to forfattarane til å lese frå nye bøker. Det blir slåttar ved Jamie Lodberg i tillegg, og alt er gratis, ettersom det er Valle folkebibliotek som står saman med Valle mållag og Folkeakademiet Valle om arrangementet. Valle folkebibliotek likar å marknadsføre gratisprinsippet.

Det var første gongen Paal-Helge Haugen var i radiostudio, og han var imponert over kor god plass det var og kor greitt alt låg til rette. Når han tidlegare har vore med i Valle Radio, har det vore på telefon eller i opptak, men han var glad for høvet til å sjå lokala våre. Og Britta Lise kom innom og tok bilete av han, det kan du sjå i artikkelen om han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Paal-Helge_Haugen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *