Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle

Share

I kveld var Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle. Ein kunne ikkje telje så lett, men eg reknar med at det var mellom 60 og 70 tilhøyrarar på forfattarkvelden som Valle folkebibliotek, Valle folkeakademi og Valle mållag arrangerte. Det er meir enn 5% av dei 1276 innbyggarane i kommunen. Om 5% av Kristiansands 82.770 innbyggarar skulle vore til stades på ein forfattarkveld, måtte arrangørane hatt 4138 stolar.

Første delen var ein samtale mellom dei to forfattarane, deretter spelte Jamie Lodberg tre slåttar på hardingfele før det var ein kaffepause med høve til mingling. Etter pausen las forfattarane frå nye bøker og for Paal-Helge sin del også frå uutgitt stoff. Heile kvelden varte frå klokka 19 til Ørnulf Hasla var til stades og tok opp for Valle Radio, samtalen mellom dei to forfattarane vil han sende fredag 7. oktober, då Valle Radio skal ha sending til heile dalen. Opplesinga vil eg sende tysdagen etter haustferien.

Samtalen vart annleis enn eg hadde tenkt på førehand. Dei hadde ikkje noko manuskript, men kvar hadde tid til noko meir omfattande innlegg der dei kommenterte forfattarskapen. Paal-Helge starta det heile med å seie noko om korleis han opplevde responsen då han gav ut Anne, og samanlikna det noko med det Gaute opplevde då han hadde skrive Før jeg brenner ned. Men han meinte det var synd at folk ikkje las bøkene som Heivoll hadde skrive før den boka, for dei var minst like gode.

Dei snakka og ganske mykje om tilhøvet mellom poesi og prosa, og Paal-Helge meinte nok at landskapet han vaks opp i, med Nomelandsfjødd i ryggen, hadde blitt ei grunnlinje i skrivinga hans. Sjølv om Gaute hadde skrive poesi, sine første dikt sende han til Paal-Helge for å få råd, og det vennlege brevet han fekk tilbake var sterkt medverkande til at han heldt fram. Men som prosaist må han skrape fram setningane, og sjølv om han går gjennom det han skriv mange gonger, er det ikkje som lyrikaren som vrir og vender på språket for å få det så kortfatta og pregnant som råd.

Å lage referat frå ein så innhaldsrik kveld er vanskeleg, så eg trur eg stoppar her. Du kan oppleve kvelden i Valle Radio om ei veke, og om du set deg til radioen då, vil du ikkje angre på tida du bruker, for kvelden var både lærerik og tankevekkande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *