Riksveg 9 Tveit -Krokå skal opnast

Share

Fredag skreiv Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen ein leiar. Den stengde stamvegen var tittelen. Det var mykje der ein kunne vere samd i, det slit å skulle køyre vestsida når det er så mykje motgåande trafikk, anten ein køyrer oppover eller nedover. Eg er ikkje åleine om å meine det, og så mange som kan, utset nok turen oppover, i alle fall om dei har prøvd ein gong. Men det er jo nokon som må ta turen, og dei kraunar mykje.

Denne veka skal ein likevel ikkje bare klage, for torsdag klokka 12 opnar fylkesordførar Laila Øygarden parsellen Tveit-Krokå ved Heggland ein stad. Eg tok ein telefon til henne og tenkte om ho kanskje kom oppover onsdagskvelden, då ville eg invitert henne til å vere med i Valle Radio og fortelje om det store arbeidet som ho har vore med på for å finansiere Gul midtstipe til Hovden. Men ho kunne ikkje, ho skulle i gravferd onsdagen og drog ikkje oppover før torsdagen.

Sjølv køyrde eg vegen i dag tidleg og kunne glede meg over fleire kilometer med flat ny veg. Svingar og bakkar er borte, ein kan setje cruisekontrollen på 80 ved Ose og så går det heile i høveleg tempo til Langeid. Mange bekkar har blitt temma og hytter og hus tek seg annleis ut frå nye vinklar, det er morosamt å sjå kor greitt det er blitt.

Eg vonar det vert i mi tid, det vil seie medan eg køyrer mellom Mandal og Valle, at dei får bygd ferdig ny veg forbi Langeid. Då skal eg tåle svingane og den smale vegen på Skomedal og Frøysnes, dei kan minne meg om korleis heile strekningen var før utbetringa kom i gang. Og så vonar eg at Leiv Rygg, som ny ordførar i Bygland, tek initiativ til å få bygd veg til Åseral, det hadde vore fine saker.

Ein tanke om “Riksveg 9 Tveit -Krokå skal opnast”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *