Setesdal syng ABBA

Share

I kveld var Torunn Charlotte Nyberg Lund i Valle Radio og fortalde om prosjektet, som no går mot slutten. Til sundag skal det vere den siste konserten, den vert i Evje kino frå klokka 18 til 20.

-Det er nesten litt vemodig, sa Torunn, som fortalde at det har vore ei travel tid. Som prosjektleiar har ho hatt mykje å henge fingrane i, for det er mykje som skal klaffe når 40 personar frå Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes skal framføre songar som i bunn og grunn ikkje er frie. Difor var det eit stort arbeid som måtte gjerast før TONO gjekk med på at dei kunne bruke songane, ein fordel var at Mamma Mia hadde vore framført på bokmål, og dei tekstane kunne då omsetjast til nynorsk, for å kome nærare dialekten i Setesdal. Sist fredag fortalde Benny Anderson hos Skavlan om at han stort sett sa nei til alle spørsmål om å få bruke ABBA-materiale.

Eg meinte at dei burde ta Setesdal syng ABBA til byen og framføre det i Kilden, slik som Lindesnes Trekkspillklubb reiste til Operaen for å halde konsert. Dei hadde med seg 18 bussar frå Sørlandet, det vert vel vanskeleg å få så mange bussar frå Setesdal til Kilden, men ein frå kvar kommune kunne kanskje gå, og så fekk ein synge i ein herleg akustikk etter det dei seier som har prøvd salen litt før han vert opna.

Etter konsertar på Hovden og i Valle sit programmet godt, så når dei no avsluttar på Evje, er det grunn til å tru at ein får den beste konserten. Og prosjektet har verka etter hensikten, folk frå alle kommunane har fått seg nye vener i nabokommunar. Det gjer noko med korleis vi opplever Setesdal. Grunnlaget for å få eit godt resultat vert betre når fire kommunar vert trekte inn i prosjektet.

Takk til Torunn Charlotte som ville vere med i den aktuelle timen i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *