Tåke ute – varme inne

Share

I dag gjekk turen vestover for å feire mor sin 94-årsdag. Det vart ei triveleg samkome med fire generasjonar samla. Mor har etter kvart fått ganske mange oldebarn, men ho er frisk i hovudet og held styring på alle saman, til og med fødselsdagen deira. Eg ville nok slite noko med slikt, eg likar best å ha ein kalender for å stø minnet med.

På turen kom vi forbi Høg-Jæren, nytt frå siste gongen eg var der var at om lag 20 vindmøller var kome opp og stod der og sveiv. Dei fleste bøndene var vel nøgde med dei, sjølv om nokre klaga på støy, etter det eg høyrde. Praten gjekk om laust og fast, vi fekk og oppdatering på lokal politikk.

20 personar feira ei oppegåande kvinne som har stemt ved alle vala sidan ho fekk stemmerett og som så visst ikkje har tenkt å sitje heime denne gongen heller. Det var interessant å vere i selskapet hennar. Sjølv om vi ikkje kunne sjå havet slik vi pleier, var det godt og varmt og omsorgsfullt. Salme 91 i Bibelen var mor si helsing til oss, og ein bolk med salmer fekk vi og plass til mellom all praten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *