Tovegskommunikasjon

Share

I dag logga eg meg på Facebook og var klar til kommunisere om nokon skulle ha noko på hjarta. Det var i grunnen lite, så eg reknar med at sendinga gjekk greitt nok.

Med Facebook kan programleiarar i Valle Radio ha direkte kommuniskasjon med lyttarane. Det hadde eg sist onsdag, då eg la ut rebusane på Facebook og folk la inn løysingar der.

Elles er det Britta Lise som for det meste kommuniserer med lyttarar. Ho gjer ein stor jobb som Facebook-administrator for Valle Radio, og eg har prøvd å lære meg å sende program til henne, slik at ho kan leggje det ut. Med over 2000 venner av Valle Radio er det mange som fylgjer med på sendingane våre, og dei som gjev lyd tilbake, bør ein svare fort og greitt.

I kveld gjekk sendinga utan større problem. Eg fekk kople opp i tide, fekk gjennomført det eg hadde planlagt og såleis bør eg vel vere godt nøgd. Kåseriet hadde eg skrive før helga, det handla om tredje boka til Reidar Tveito, andakten frå Norea, Tankar frå Bibelen, gjekk greitt å laste ned, og eg fann og Møteplassen ganske greitt. Men det har blitt vanskelegare å nytte Norea sine aktuelle program. Dei er det vanskeleg å finne, og når ein ikkje veit heilt kva ein skal leite etter, vert det ofte at eg må lage noko anna.

Sangkvelden i kveld var det Kim André Pedersen som stod for, eg valde å presentere heile den nye plata hans, Vegen. Torsdag kjem han til Hovden med bandet sitt for å ha konsert der. Då var det jo naturleg å presentere han godt her i Valle Radio.

Samtalen som Ellen Sørlien hadde med Evie var eit godt eksempel på god kommunikasjon, dei snakka saman som gamle vener. Vi fekk og eksemple på sangen hennar, den er like fortryllande no som for 40 år sidan.

Til slutt brukte eg ei LP-plate som Niklos hadde med for å lage Postludium med tema orgel og trompet. Det er ein klangkombinasjon som eg likar godt, og opptaka frå Magdeburg Dom song i veggene i den gamle katedralen. Eg gløymde å seie at det var eit Schuke-orgel, bygd i Potsdam i 1969. Sjølv under den hardaste kommunist-tida vart det utdanna kyrkjemusikarar i Aust-Tyskland.

Takk til alle som høyrde på kveldens program og takk til deg som les bloggen også utan å høyre på Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *