Valdebatt i Valle Radio 2011

Share

Eg les på Facebook at Ann Christin Jacob syntest det var morsomt å vere med i debatten i Valle Radio i kveld, og det kan ho ha god grunn til, for ho gjorde ein god figur. Liv Tanche-Larsen skriv på Facebook at alle damene kom godt frå debatten, det var fem damer og fire menn i panelet, og Sissel Åkre, Hanne Straume, Nina Johnsen og Astri Kyte var dei andre fire.

Men Ånund K. Homme syntest ikkje det var noko særleg til debatt. Han ville nok hatt meir debatt om Valle sentrum, han har jo skrive to artiklar om det i Setesdølen i det siste og han hadde sendt inn spørsmål til panelet om det. Men panelet hadde ikkje så mykje å seie om saka, så eg kan nok forstå at han var misnøgd.

I tillegg til dei eg har nemnt ovanfor, var Bjørgulv T. Berg, Steinar Kyrvestad, Frode Verpe og Tarald Myrum med i panelet. Liv skriv: Takk til alle i valle radio som gav oss ein fin kveld med spursmål og bilete på Fb. Det var mest som ein sat i salen 🙂 Det sat 15 i salen på det meste, for fire år sidan var det 30 der. Dei som var i salen no, fekk pizza og kake, brus og kaffi, alt levert frå Valle Motell.

Det er ein stor jobb å få ei slik sending i hamn, og Ørnulf og Jørund hadde jobba mykje for å få det til, dei hadde telefonintervjua fylkesordførarkandidatane og hadde desse intervjua som opptak som kunne spelast medan panelet og programleiaren fekk ein pause. Til Ole Birger Lien var det og laga ei liste over aktuelle tema som burde vere med, og den kravde nok ein del arbeid. Så skulle salen riggast med mikrofonar og alt som er naudsynt for radiosending, det skulle og vere datamaskinar for å ta imot epost og sms, eg sat ved den, og Britta Lise sat ved ein datamaskin for å kommunisere på Facebook. Ho la og ut bilete av publikum og debattantar. Til saman tok sendinga fire og ein halv time, eg trur det bare vart spelt fem-seks plater heile kvelden. Ein kan vel trygt seie at Valle Radio har gjort sitt til at årets val har blitt godt dekka med denne sendinga. Ole Birger, som stod for utspørjinga, vil framover vere politisk medarbeider i Valle Radio og samle folk til samtale etter kvart kommunestyremøte. Det vert ein tilvekst til programma våre. Han gjorde ein god jobb og var innom mange tema på ein høfleg og verdig måte i møte med både veteranar og nykomarar.

I løpet av sendinga prøvde eg å skrive noko på Setesdalswiki, men det var mange trådar og ikkje så lett å få forma ein høveleg tekst, men du kan lese det eg skreiv her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._september_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *