Valdeltaking

Share

Ved kommunevalet 2011 var valdeltakinga for heile landet under 60 prosent. Ein hadde ei kjensle av at det kunne verte høg deltaking etter terrorkatastrofen i Oslo og på Utøya, men 58 prosent er ikkje noko å skryte av, så det må nok vere andre faktorar som får valdeltakinga opp.

I Bykle, Valle og Bygland gjekk deltakinga opp. Mest opp gjekk det i Valle, der var auken heile 4,2 prosent. I Evje og Hornnes gjekk deltakinga ned med 0,8 prosent. Eit oversyn i Setesdølen syner at bare 62,6 prosent røysta i den kommunen. Valle låg på toppen i Setesdal med 72,8 prosent, Bygland hadde 70,9 og Bykle hadde 68,3 prosent. Alle kommunane i Setesdal hadde altså godt over landsgjennomsnittet i valdeltaking.

Eg høyrde at nokon meinte at dårleg ver kunne vere med på å redusere valdeltakinga. Eg trur nok det er andre grunnar, sjølv om det jo regna i bøtter og spann i periodar på valdagen. Eg hadde med meg Jorunn Sørlie Tveiten i Valle Radio i går, og ho fortalde om arbeidet med å tilrettelegge for valet. Det var visst 188 førehandsrøyster i år, mot 70 i fjor. Eg trur difor at medverkande til auke i valdeltakinga var godt høve til førehandsrøysting. Ho fortalde at det i periodar hadde vore kø ved førehandsrøystinga, men at det knapt hadde vore kø på valtinget. Eg høyrde at i Mandal var det folk som snudde då dei såg den lange køen utanfor vallokalet i femtida om ettermiddagen, dei ville kome seg heim til middag og ikkje stå i regn og vind og vente på tur. Dermed vart det inga stemme frå dei dette året.

Det kan vere mange ting som mobiliserer, men eg trur nok at folk går til urnene om det er noko som engasjerer dei. Har ein lite engasjement, er det lett å droppe turen til vallokalet. I Valle var det ganske ope, og det trur eg nok førde til høg deltaking.

Eit utslag av valet i år var at det kom inn sju kvinner og åtte menn i Valle. I Bykle ligg kvinneandelen svært lågt denne gongen, bare to kvinner kom inn i det nye kommunestyret på 13 medlemmer. Dei skal få mykje å gjere om Bykle skal klare å oppfylle likestillingslova. Seks av 21 i Evje og Hornnes er kvinner, fem av 15 i Bygland.

Prosentar finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kommunevalet_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *