Valstudio kommunestyresalen 2011

Share

Så startar sendingane att i Valle Radio. Ørnulf kontakta meg og sa at det ville vere uhøveleg for meg å starte i kveld, det var på tale at ein skulle nytte sendarane til valsending for Bygland. Eg trur ikkje det vart noko av, så vi kunne nok ha starta tysdagssendingane i dag, men i grunnen var det greitt å sleppe, for eg vart så forkjølt før helga at eg måtte halde senga eit par dagar.

Men i morgon vert det sending frå klokka 18. To toppkandidatar frå kvart av partia i Valle vil då vere med i debatten, og det vil vere innslag med kandidatar til fylkestinget så vel som høve for publikum til å stille spørsmål. Du kan og sende inn spursmål på SMS: 98443644, e-post: post@valleradio.com

For fire år sidan hadde vi og valsending. Eit heitt tema då var sykkelsti mellom sentrum og skulen, og eg leita fram det eg skreiv på bloggen etter at sendinga var slutt torsdag 6. september 2007. Du finn det her: http://valleradio.blogs.no/2007/09/06/valgsending_i_valle_radio~2937521/

Du kan trykke på lenke øverst på den sida til fleire innlegg om valsendinga. Då får du sjå fleire av spørsmåla som kom inn til sendinga. Eg grupperte dei etter kva dei handla om og kva tid dei kom inn og ser at gang- og sykkelsti var det første, kulturhus var det andre, industriutvikling var det tredje. Om du klikkar vidare på lenkene øverst på sida, vil du og finne nokre refleksjonar etter at valet var unnagjort. Det kan jo vere greitt å oppdatere seg litt på situasjonen for fire år sidan før ein går i kommunestyresalen i kveld. Den gongen var det 30 tilhøyrarar på det meste, 15 av dei heldt ut til slutt. Etter det eg skjøner, skal sendinga vare til klokka 22. Ole Birger Lien vert med, for fire år sidan var det Sigurd Haugsgjerd som stilte dei inkvisitoriske spørsmåla.

I år skal det bare veljast 15 til kommunestyret. Fem parti konkurrerer om veljarane, og mykje er ope i år, så det vert eit spennande val. I tillegg skal det vere val til fylkesting og rådgjevande folkeavstemming om Eitt Agder. Her vert det mykje å skrive om etter kvart som kvelden går. Eg kjem til å prøve å skrive både på bloggen og på Setesdalswiki i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *