Ny veke, nye kveldar i radioen

Share

Så startar november, og med den kjem det nye kveldar i Valle Radio. I morgon har eg som vanleg tysdagssending:

Tysdag 1. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Det ser ut til at det vert eg som har programmet onsdagskvelden og. Men det visste eg ikkje i dag tidleg då eg sende inn program til Setesdølen, så når du ser i avisa i morgon, ser det ikkje ut til at det er sending onsdag. Vi fylgjer imidlertid vanleg oppsett:

Onsdag 2. november
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen
19.30 Kommunen informerer
20.00 Haralds time med gjester
21.00 Opi sending

Om vi ikkje får telefonvakter til kvelden, kan det tenkjast at Opi sending går ut eller vert endra.

Fylg med på Facebooksida til Valle Radio eller på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_tysdagssending_1._november_2011
der vil vi prøve å halde dykk oppdaterte.

Lammehjelpen

Share

Ein halv time på NRK1 med besøk hos Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv N. Berg på Nomeland i kveld frå 22.30 til 23. Det vart eit flott program der vi møtte Kirstens venninner, eg trur dei var seks, som kvar vår tek turen til Nomeland for å vere med i lamminga. Dei sette seg ikkje på stas, nei, det bar nesten rett i sauefjoset for å vere med å stelle. Vi såg dei med tåtelam på fanget og i arbeid i dei mange oppgåvene som dukka opp. Det var uhøgtideleg og venleg.

Og vi fekk vere med i sauefjoset, sjå Kirsten som ordna opp med vanskelege fødslar og tok mot både tre og fire lam. Og så fekk vi høyre om vennskap helt frå ungdomstid i leikarring og bygdeungdomslag. Vennskap må pleiast, det gjer seg ikkje sjølv. Og det fekk vi sjå godt døme på i kveldens program.

Og så fekk vi sjå vakker setesdalsnatur frå siste helga i mai, dei kunne sitje ute og ete og vi såg både frå Otra og Garane, Øystein Berg, som bur der oppe, pleier å seie at det fine med å bu nede i dalen må vere at ein kan sjå opp i Garo.

Vi fekk og glimt av Kirsten som folkemusikar og sølvsmed, men i dette programmet var det nærleiken til natur og nytt liv som var tema saman med venskapen. Å dele eit måltid er ein god måte å ta vare på venskapen på, og med Kristine Bjørgum Forde som medhjelpar på kjøkkenet fekk ein litt av kvart å smake på. Og så kom Gunnar Stubseid og Daniel Sandén-Warg med felene sine, då vart både store og små med i gangaren.

Det var eit glimrande program. Folkeleg og ekte.

På Facebook tok Torunn Charlotte til orde for at ein kunne danne fleire Lammehjelpen-grupper, å hjelpe i ei hektisk tid kunne gje gode opplevingar både for den som gav hjelp og den som fekk hjelpa. Ein skal vel ikkje sjå bort frå at det kan kome ei gruppe i gang til våren om nokon har bruk for det og melder frå.

Programmet er nå lagt ut på nettsidene til NRK, http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/799460/
Og her er setesdalswiki si side om Kirsten: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kirsten_Br%C3%A5ten_Berg

Så må vi stille klokka att

Share

Det har i grunnen vore ein fin haust, bare så vidt frost, og snøen har vi til no bare sett på toppane. Sjølv om eg var føre var i år og sette på vinterdekk i haustferien, har det for det meste vore turre og bare vegar i dalbotnene frå Valle og sørover, sjølv om ein jo høyrer om uhell på glatt føre lenger oppe i dalen.

Men så kjem natta då ein må stille klokka. Korkje dyr eller ungar likar slikt. Vi vaksne toler det, men eg trur nok dei fleste ikkje likar det. I VG kunne ein i vår lese at russarane vil slutte med sommartid, det er liten gevinst i å halde på med å skru klokka fram og tilbake. Dei satsar på å ha sommartid heile året frå no av. Det er vel og ekstra problem i det digre landet, som har åtte-ni tidssoner.
http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10099606

Men ei rekke artiklar syner at det ikkje er noko gode å bytte mellom sommar- og vintertid. Finske forskarar har funne ut at det øydelegg kvaliteten på nattesøvnen. Det er mi erfaring og, så eg hadde likt best om ein hadde avvikla heile sommartida. Vi kunne gjerne hatt sommmartid heile året, eller vintertid heile året. Men skiftinga er ein uting. http://www.biomedcentral.com/1472-6793/8/3

Ny siger for likningskontor og folkeregister

Share

Etter kvart har likningskontoret og folkeregisteret i Valle vore gjennom mange rundar der dei har måtta kjempa mot nedlegging. Difor var det hyggeleg å lese i Setesdølen i dag at Valle får behalde skattekontoret.

Hildebjørg Kjelleberg og Inga Flateland gjer ein god jobb for publikum, ikkje minst veit alle utledningane det. Når dei lurer på noko, går turen innom likningskontoret og då får dei god hjelp på eit språk dei skjøner. Sjølv om mange ting kan ordnast på data er det lettare når ein får snakke med eit levande menneske. Hildebjørg og Inga hjelper med det meste.

I Bykle gjekk det ikkje like godt, det einmanns-bemanna kontoret der vart lagd ned i denne runden. Men det kan kanskje føre til at dei får selskap på kontoret i Valle, og at det blir bemanna med tre personar. For alle i Øvre Setesdal som treng råd og rettleiing frå etaten, må det jo vere lettare å kome til kontoret i Valle enn å dra til Evje, det er truleg bare byråkratane i hovudstaden som ikkje skjøner det.

Av og til må dei tilsette i Valle vise til Skatt Sør, som visstnok held til i Vestfold. Nokon kvar har nok vore oppgitt over dette, jo lenger borte frå folk, jo vanskeleg å forstå kva problemet er, verkar det som. Men Hildebjørg og Inga gjer det beste dei kan for oss, og me er glade på deira vegner at kontoret framleis skal vere i Valle og at dei ikkje måtte samlokaliserast på Evje. Breidband burde gjere det lett å dele data med andre kontor i etaten.

Spørjeundersøking

Share

I dag vart elevane mine utsett for ei spørjeundersøking. Det var elevar i ungdomsskulen som hadde laga undersøkinga, og dei ville vite om våre elevar forstod ein del ord. Dei tre første orda gjekk nokonlunde greitt, revolusjon, dagleg og krig.

Men det vart verre då undersøkinga gjekk vidare, for moydei er Valle-dialekt og ikkje brukt i vokabularet som vi har på Valle Vaksenopplæring. Ein periode hadde vi undervisning i vallemål, men det måtte gå ut i år. Elevane kan nok noko vallemål, men det må nok helst kome i ein talt samanheng, og ikkje som einskildord.

Vi oppdaga og at vi i vaksenopplæringa ikkje er så aktuelle som ungane, for dei hadde ei rekke interjeksjonar på spørjeskjemaet, og då måtte dei vaksne svare nei, dei forstod ikkje din drittunge og fy fela og fy søren. Eg er nok noko usikker på om vi skal ta slike ord inn i det vokabularet som elevane våre lærer, i grunnen synest eg dei har nok med dei orda som vil vere nyttige når dei kjem på Norsk Språktest.

For det er Norsk Språktest som er målet. Elevane må klare den enklaste av desse, den som heiter Norsk Språktest 2. Då kan dei etter å ha budd sju år i Norge, søkje norsk statsborgerskap. Dei kan gå vidare og ta Norsk Språktest 3 og Norsk Språktest Høyere Nivå og slik dokumentere auka forståing av det norske språket. ALle testane inneheld lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling, og så er det ein munnleg test.

Men avanserte interjeksjonar er ikkje i pensum. Vi held oss til Hei, hallo, uff, isj og au. Interjeksjonar i den gruppa, dei ville nok dei vaksne elevane klart, sjølv om dei er vanskelege å oversette eller å seie kva dei betyr, ein må vel helst seie i kva situasjonar ein nyttar dei.

For meg synte spørjeundersøkinga at dei unge elevane nok lærer norsk på ein meir rett fram måte enn foreldrene gjer og at noko av vokabularet frå skulegarden lett melder seg i det aktive språket.

Frå helseprosjekt til Minot

Share

Sendinga i Valle Radio i kveld var variert:

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Tron Støle
20.00 Musikkreise til haustfesten i Minot ved Johs. Bjørkeli
21.00 Open sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

I den aktuelle timen hadde Bjørgulv T. Berg programpresentasjon før sangen Velbegavet av Niels Hausgaard. Deretter gjekk det i telefonsamtalar med gjestene iblanda musikk, i kveld fekk eg med meg musikken og.
* Kjersti Plathe om ruskonsulent og psykolog i Setesdal Regionråd
*Underlig trygt med Ole Paus
*Samtale med Else Gyro Rysstad om Hovdenrevyen 2011
*Still crazy after all these years med Paul Simon
*Telefon til Wenche Tangene, leiar av Helseprosjekt Setesdal, som fortel om første dag for å teste ut desentralisert sjukehusteneste på Evje. Pasienten får eit lokalt tilbod, og legen får høve til kompetanseoppbygging. Kardiolog er den første. Geriatri er den neste, lege Pål Friis frå SSK skal kome ut til alle kommunane. Lavt pasientgrunnlag krev at kommunehelsetenesta må samarbeide med andre, som i Demensteamet i Setesdal, kanskje kan erfaringane frå dette overførast til andre område. Frode Verpe er prosjektmedarbeider for dette og bistår alle kommunane med å finne ut kva dei kan levere lokalt og kva dei må hente frå sentralt hald.
*Chet Atkins: Mr. Sandman
*Telefon til Knut H. Nomeland, leiar i Valle Bondelag om avlinga i år. Det har vore ein våt sommar. Kvaliteten på foret er ikkje så god, så bønder må spe på med kraftfor. Lamma hadde ikkje vekt som ein har vore vant med. Nokre har tapt opp til 15% av dyra på heia, andre har fått heim det meste. Ørna har vore meir aktiv i år.
*Buck Owens: Together again

Etter andakten var Tron Støle i studio. Han fortalde litt om situasjonen for Valle skule, og hadde også fått informasjon frå kulturkonsulenten i Valle, Torunn Charlotte Lund. Du finn fleire detaljar på sida om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_26._oktober_2011

Men du finn ikkje så mykje om høgdepunktet i kveld: Johs. Bjørkeli sitt program frå Minot. Det musikk-kåseriet må opplevast og kan ikkje gjenskapast. Glitrande om reisa dit og opplevingar der, ikkje minst musikalske opplevingar.

Takk til Bjørgulv for eit godt samansett program og alle andre som atter ein gong gav Valle Radio høve til å gje folk i Øvre Setesdal ein fin kveld ved radioen.

Integrering i praksis

Share

I dag opplevde eg integrering i praksis i Valle. Det var gravferd for Pi Ka David og kyrkja var heilt full av karenarar og nordmenn og ei rekke andre nasjonalitetar. Pi Ka var avhalden langt ut over karenargruppa han var ein del av. Han var adventist og Per de Lange frå Adventistkyrkja i Arendal stod for sjølve seremonien, som nok var noko enklare enn ein til vanleg opplever i ei gravferd i Valle kyrkje. Til vanleg er det gjerne presten som går før kista ut, men her gjekk kona Nawsi fyrst og aleine, det var sterkt å sjå henne gå fyrst ut og mot grava.

Det vart lagt ned mange kransar og bårebukettar. Frå kona Naw Si var det ein vakker krans forma som eit hjarte. Guro Nordli Solbakk la ned krans frå oss som har stått Pi Ka nærast som flyktningkonsulent, lærarar i vaksenopplæringa og sjåfør. Det var og krans frå teknisk etat, pleie og omsorg, familiekoret, frå Adventkirken i Arendal, frå Åmli Karen Baptistmenighet. Også Bygland Taxi hadde blomar med helsinga «En glede å bli kjent med deg», det var helsing frå Ingrid og Gunnar på Valle Handel, frå polske venner, Gro Haatveit Hovet, Lisbeth, Halvard, Steinar og Flavia, Sigbjørg med familie og frå Bjørg og Magne Brokka Rike, som Pi Ka leigde hus av. I denne lista har eg sikkert gløymt nokre, men den skulle syne breidda i veneflokken han hadde etter vel fire år i Valle.

I kyrkja var det solosong av Mang Din Thang, ho song Hjemme i himlen, og Klo Htoo Doh, som song Precious Lord. Under minnesamværet song klassen frå Valle Vaksenopplæring Er Jesus med og ei gruppe frå Tvedestrand/Risør song og. Så var det helsing frå Marianne Brenna og Harald Haugland, som kvar på sin måte teikna eit bilete av mannen vi fekk gå saman med på livsvegen i litt meir enn fire år. Og maten var setesdalssuppe, stelt av Jorunn Lund Harstad og ris, stelt av Hser Nya Htoo. Og så var det kaffe eller te og kaker etterpå.

Pi Ka David var fyrste karenar som kom til Valle, sidan har to andre karenske familiar kome, i tillegg har det kome to chin-familiar frå Burma. Dei hadde alle ein felles kultur med vår norske, ettersom dei er kristne, og sang og musikk har vore ei god hjelp for dei til å lære seg norsk og til å bli ein del av bygda, ikkje minst gjennom familiekoret. Og så har dei teke reinhaldarjobbar, fyrst vikariat og etter kvart faste tilsettingar. Og tilbake har dei fått vener som har sett pris på dei, noko bygda synte i dag. I praksis går integrering begge vegar.

Tysdagsprogram 25. oktober 2011

Share

Tysdag 25. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Gruppa Rett Kurs si nye plate Kom ta min hand
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer fransk kyrkjemusikk
21.00 Kyrkjebakken

Meir om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Fylg oss på Facebook
Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com

I dag stoppa eg på Evje og prata litt med Jørgen Lien på Intersport, som er med i gruppa Rett Kurs. Han vert med på telefonen i programmet i morgon. Eg fekk og tilsendt songtekstane til plata, så det er litt lettare å lese. Tekstheftet var svært vanskeleg å lese. Eg gleder meg til å presentere plata i Sangkveld-programmet.

I dag tenkte eg at det kunne vere fint med ein middagslur, så eg la meg i to-tida. Men eg må ha vore trøyttare enn eg hadde tenkt, for eg vakna ikkje før klokka seks, og då var det for seint å handle på butikkar i Valle. Så eg kombinerte det nyttige med det behagelege, drog til Statoil Rysstad og fekk med ein hamburger, brød og anna eg kan trenge for dagane som kjem. I tillegg fekk eg ein hyggeleg time på den trivelege stova dei har laga ved sida av butikken. Der sat fleire hylstringar og prata då eg kom, og så gjekk røda om laust og fast ei lita stund før stasjonen stengde klokka 20. Då gjekk turen til Valle att for å skrive litt på Setesdalswiki, som i kveld passerte 1860 artiklar.

Odenses største sønn – ei ordveksling på Facebook

Share

I kveld hadde eg ei artig ordveksling med Steinar Homme om Odenses største sønn. Han meinte det var Kim Larsen, som har fødselsdag i dag og difor ville Steinar at vi skulle klikke på musikkvideoen til Som et streif af en dråpe.

Wikipedia har ein god artikkel om Kim Larsen. I kveld var den på 8060 bytes og hadde interwiki-lenker til seks andre språk enn norsk. Artikkelen om H. C. Andersen er på 23 159 bytes og har interwikilenker til fleire språk enn eg orkar å telje ein sein sundagskveld.

Her er ordvekslinga vår:
Harald Haugland: Eg trudde H.C.Andersen var Odenses store sønn, og han har fødselsdag 2. april, så eg trur du har feil kalender, Steinar.

Steinar Homme: Du er kvikk, Harald. Men når 2. april mest sannsynleg kjem vil eg leggje ut eit eller anna om HCA, Odenses /største/ son 😉

Harald Haugland: Kanskje Christian snart er moden for eventyret om Keiserens nye klær

Steinar Homme: Er det det som vi omtalar som nakenfis-svindelen? 🙂

Harald Haugland: Kan godt vere det, eg har ikkje fått med meg alle nyansar i omtalane

Steinar Homme: Eg trur me talar om det same. Eg kan den åttaboks, så på di oppfordring tek me den i morgon kveld. No ligg han i dei omtala kleda og drøymer sikkert om eit eller anna 🙂

Facebook kan ein bruke til mykje anna enn å diskutere middag og kakebakst, som mange likar å nemne når dei kritiserer nettstaden. Sosiale medier er eit interessant fenomen i vår tid, og mange av oss brukar dei i ulike samanhengar. Sjølv har eg likt å legge ut lenker til artiklar på Setesdalswiki på Facebook. Eg kjem nok til å gjere det i framtida og, sjøl om eg fekk ein kommentar frå dotter mi, som meinte det vart litt mange lenker. Då sa eg at eg er inne i ein produktiv periode, og dermed vert det mange lenker. Men eg tok hintet, og skal kanskje redusere litt.

Vi diskuterte og om eg burde opprette ei Setesdalswiki-gruppe på Facebook. Til no har eg ikkje gjort det, for eg veit ikkje kor mange som ville melde seg på ei slik gruppe. No går jo lenkene eg legg ut til dei 279 vennene eg har. Eg kunne godt tenkt meg å få råd frå dykk som les bloggen min om dette.

Eg likar facebook, og ordvekslinga med Steinar var forfriskande ein sein sundagskveld. Eg får legge ut lenke til denne bloggen på Facebook, så fleire kan lese det eg skriv 🙂

Ny Bibel

Share

I morgon er det feiring av ny bibelomsetjing i Bykle kyrkje. Velkommen frå Besteland til Bjåen, skreiv Else Gyro Rysstad på Facebook no i kveld. I programmet Nytt frå kyrkje og kristenliv tysdagskvelden snakka eg om den nye digitale Bibelen. For den nye omsetjinga skulle ikkje bare kome ut i bokform, ambisjonane til Bibelselskapet var å ha Bibelen tilgjengeleg for datamaskinar og lesebrett samstundes.

Etter det eg har forstått, var det mange som ville få med seg den nye Bibelen så fort den kom ut. Difor var det godt salg hos Bok og Media i Kristiansand etter det Fædrelandsvennen kunne rapportere. Fredag høyrde eg Sylfest Lomheim i andakten fortelje om omsetjingsarbeidet han hadde vore med på, han er professor i omsetjingsvitskap, og omsetjing av Bibelen var ei av dei mest spennande oppgåvene ein kunne tenkje seg, sa han, for ein skal kle Bibelens tankar i moderne språk, og det bibelspråket som er poesi, må få poetisk form på norsk, men det som er historieskriving, må få slik form. Språk utviklar seg, og no var det 30 år sidan siste omsetjing, så Lomheim meinte det var på høg tid. Han meinte og at det var overmenneskeleg av ein mann å klare ein slik jobb, ein skal ha språk- og kulturkunnskap langt ut over det som er mogleg for ein mann å ha.

I morgon er det altså feiring av dette i Bykle kyrkje. For folk frå Besteland til Bjåen burde det vere interessant å ta turen til Bykle kyrkje og vere med på feiringa. Sjølv sit eg i kveld på ei øy utanfor Brevik og skriv dette. Denne helga har vi vore på besøk hos Margunn, og i morgon går turen tilbake til Mandal. God helg til alle som les bloggen min.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_tysdagsprogram_18._oktober_2011