Annemor blir statsstipendiat

Share

Gratulerer så mykje, Annemor Sundbø!

Å verte statsstipendiat for arbeidet med strikking er vel fortent og burde gje deg høve til å arbeide på ein annan måte no når ei årleg inntekt på 391.000 kroner kjem inn på kontoen. Ho vart fullstendig overrumpla då ho kom på kontoret til kulturminister Anniken Huitfeldt i dag og trudde ho skulle snakke om strikking til utanlandske gjester, og så i staden vart gratulert som statsstipendiat. Aftenposten har skrive om det her: http://www.aftenposten.no/kul_und/article4245234.ece og det biletet av henne i artikkelen seier noko om kor overraska ho vart.

Annemor har vore med i Valle Radio mange gonger. Mest kvar gong ho har kome med ei ny bok, har eg hatt henne med for å fortelje om boka. Ho har nok av og til opplevd at folk i Valle har hatt andre synspunkt enn henne på spørsmål som gjeld Setesdalskofta. Men granskinga hennar har omfatta så mykje meir enn den, så ho har mykje å snakke om. Ho har og formidla norske strikketradisjonar til andre land og vore mykje både i inn- og utland for å fortelje om skattane i fillehaugen og beslekta emne. Ho har likevel alltid tid til å slå av ein prat, og i sommar fortalde ho mykje om arbeidet med purpurfargen ein dag eg tilfeldig møtte henne på Tappen på Bygland.

Engasjementet hennar gjeld ikkje bare strikking. Ho er levande oppteken av Ose og aktivitetane der. Sjølv om ho er manntallsført i Kristiansand, har ho Ose Ullvare som den viktige stasjonen i Norge når ho ikkje er ute og reiser.

Det er forresten pussig at vi faktisk har tre statsstipendiatar frå Ose til Rysstad. Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum er og utnemnde til statsstipendiatar. Tre av tretti held altså til i Setesdal. Ordninga er laga for å gje ei handsrekning til folk som arbeider med smale emne og ikkje har så lett for å bli knytt opp mot ein vitskaplege institusjonar eller kulturinstitusjonar. I dag er stipenda fordelte innanfor desse felta:
Litteratur, inkludert dramaturgi og oversetting 13
Forskning/akademia 8
Musikk/folkemusikk 4
Kulturarv/kyrkje 2
Billedkunst 1
Tekstilhandverk 1
Fotografi/film 1

Gratulerer atter ein gong!