Arne Skare er blitt vikarprest

Share

Det gledde meg å lese i Fædrelandsvennen i dag at Arne Skare har fått jobb som vikarprest i Nord-Hålogaland bispedømme og at biskop Per-Oskar Kjølaas har gjeve han ein ny sjanse.

Avisa fortel at Arne Skare har sona dommen på 30 dagar fengsel sjølv om han held fast at han er skuldlaus i det han vart dømt for. Kjølaas fortel til Johs. Bjørkeli at det er positive tilbakemeldingar på tenesta Arne Skare gjer.

Eg er glad for at Kjølaas gav Arne ein sjanse til å tene som prest. Som prostiprestevikar står han i ein samnaheng der han kan gå inn i oppgåver og få støtte undervegs. Han vil ha nokon å rådføre seg med i større grad enn ein kanskje har som sokneprest aleine i eit prestegjeld. Sjølv seier Arne Skare til journalisten at han ikkje har noko ønske om at det skal slåast stort opp at han no er prest att. «Nå vil jeg bare gjøre mitt beste i jobben min og leve livet mitt som en skikkelig kar.» Det synest eg er ei god målsetting for ei teneste som prest så vel som for andre jobbar.

Difor vil eg ønske han lukke til med tenesta.