Brokkediltarar

Share

Eg har artiklar på Setesdalswiki om Brokkedilten 2009 og 2011. Eg tenkte det hadde vore interessant å ha artiklar om Brokkedilten år for år, så eg skreiv til Valle IL og spurde om dei hadde informasjon. Eg fekk ein hyggeleg mail att frå Sigbjørg Næss, som no har teke over som leiar. Ho meinte at det var ein heil perm med resultat frå Brokkedilten, og eg skulle få den til å skrive inn resultata. Så det vil kome meir informasjon om dette motbakkeløpet frå Hylestad barnehage til Haugelandsvegen i Brokke etter kvart.

Eg hadde skrive om Brokkedilten her på bloggen i 2007, trur eg det var, og då skreiv eg at det gjekk til Furestøyl. Det trudde eg heilt til i går, då fekk eg vite av Øyvind Uppstad, som har delteke i Brokkedilten i mange år, at det gjekk til krysset med Haugelandsvegen i Brokke.

I går skreiv eg om tre deltakarar på Setesdalswiki, Øyvind Uppstad, dottera Elin Uppstad og Aron Åkre Rysstad. Dei to siste var i Valle Radio og fortalde om løpinga si, dei har jo hatt svært så gode resultat.

Tidlegare i haust skreiv eg om vinnaren i år, Bjarne Vad Nilsen, fysioterapeuten i Bykle, og i dag skreiv eg om vinnaren i fjor, Trond Arne Rugland. I dei to artiklane eg har skrive til no om Brokkedilten, er det og andre blålenker, og blå lenke tyder at det er ein artikkel om vedkomande. Arild Aabø har jo vunne løpet fleire gonger, og det er artikkel om han på Setesdalswiki, men og andre, både mosjonistar og dei som har fått tidtaking.

Eg lurer forresten litt på det med tidtaking, for det kan jo ikkje vere lett å starte klokka i målområdet når starten går på Riksveg 9, men dei har nok funne ei løysing på det. Her er lenka til artikkelen om Brokkedilten, der kan du gå til artiklar om årlege løp, fleire vil kome etter kvart. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Brokkedilten

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *