Fårikål på Landeskogen

Share

Ein liten annonse i Setesdølen fortalde at i dag var siste dagen med sundagskafe på Landeskogen. Det høvde slik at eg drog oppover tidleg i dag, for Reidun skulle med toget til Nittedal klokka 14, og dermed var det naturleg å dra etter at eg hadde kjørt henne oppover.

Eg tok Setesdalsvegen ut av Kristiansand, men på Mosby svinga eg over til Vennesla og fylgde den vegen oppover, kunne vere greitt med ein tur i fint haustver. Eg stoppa på Grovane og tenkte at eg skulle sjå toget køyre forbi, men det var seint, eg fekk vite at det måtte vente på buss frå Marnardal, for toget frå Stavanger hadde fått tekniske problem, så etter ti minutt utan at toget kom, drog eg vidare oppover, men toget hadde vore seinare enn som så. Imidlertid var det før ruta i Oslo, så Reidun nådde ein tidlegare buss til Nittedal enn ho hadde planlagt.

Sjølv tok eg turen om Vatnestrøm, der hadde eg aldri vore før, så eg tok litt sightseeing der før eg drog over fjellet og kom ned på vegen som fører til Iveland og Riksveg 9. Eg svinga til og med innom Birketveit, dei feirar jo 125-årsjubileum. Eg trur det var den nye ordføraren som var innom på Rådhuset ein tur nett då eg snudde der, men eg er ikkje flink til å kjenne folk, så det kan ha vore ei anna.

Etter å ha tanka på Evje, gjekk turen til Landeskogen, der vi var to som åt fårikål då eg var der. Maten var nydeleg, billeg var det og, 130 kroner for middag og dessert med kaffe. Og så låg det nokre brosjyrer der om Landeskogen og ideen om fredssenteret. Eg plukka dei med meg og vonar at noko kan brukast på Setesdalswiki eller på bloggen etter kvart.

God og mett rulla eg så nordover mot Valle og kunne finne fram datamaskinen og skrive litt på Setesdalswiki før fotballkampen starta på TV, og snart var det tid for blogging og plutseleg var blogginga og ferdig. God natt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *