Fjell og nutar 3 utseld i Øvre Setesdal

Share

Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Reidar Tveito no i kveld. Han hadde teke ein ringerunde til butikkar som selde Fjell og nutar 3 Valle og Bykle (forkortar tittelen noko). Dei var utselde eller praktisk talt utselde, så han nytta den fine måndagen til ein tur oppover dalen for å supplere der dei trong ekstra hefte.

Han gjer det straks han ser trong for det. Eg hadde jo likt at han hadde venta til i morgon ettermiddag, då kunne han vore med i Valle Radio og fortald frå turane sine direkte. No må eg kåsere om heftet til 130 kroner som sel så godt i Øvre Setesdal no i haust. Gjennomillustrert med fargebilete frå sju fjellturar til dei høgaste toppane i tre kyrkjesokn, pluss ein bonustur:

Beinleinuten, 1303 moh, gamle Hylestad kommune, vesthei
Urdalsknuten, 1434 moh, gamle Valle kommune, vesthei
Glåmsheii, 1224 moh, gamle Hylestad kommune, austhei
Kaldeskardnutan, 1342 moh, gamle Valle kommune, austhei
Snjoheinuten, 1438 moh, fin tur, men til feil topp i Bykle vesthei (bonusturen)
Austre Kaldafjell, 1452 moh, Bykle vesthei
Sæbyggjenuten, 1504 moh, Bykle austhei

Mange trur at det er Ljomsnuten som er høgaste fjellet i Valle austhei, men Kaldeskarnutan er over 80 meter høgare. Men det ligg nord for Riksveg 45 på vegen til Dalen, på grensa til Bykle, og mange tenkjer kanskje ikkje at det er i Valle, noko Reidar Tveito altså har prova og fortalt frå turen dit i heftet sitt.

Heftet kom ut i september, og når det no har seld så godt, spørs det om det er noko att til jolegåver i desember. Eg trur han må trykkje nytt opplag, første opplaget var 200 hefte, kan hende må han lage 100 til før folk er nøgde. Heftet er jo ein del av ein serie på tre, der han fortel om turar til toppar på begge sider av Otra frå Kristiansand til Hovden. Slik hjelper han oss til å verte litt meir kjende i naturen som er rundt oss. Mange kjøper dei to første heftene og, slik at dei kan ha alle tre. Lette å lese og mange fine bilete å sjå på, det burde jo vere midt i blinken i vår tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *