Frivillighet

Share

Dei seinare åra har ein prøvd å institusjonalisere frivillighet. Det er organisert frivilligsentralar som prøver å kanalisere frivillig arbeid til beste for grend og bygd. Men uavhenig av slikt organisert frivillig arbeid lever eit frivillig arbeid som ein bare må ta hatten av for.

I dag las eg om Blå Kors på Evje i Setesdølen. Speidarane til Blå Kors på Evje har halde på i 30 år, og det var vel verd ei feiring. Dei har til og med fått ny storstove. Men då eg las artikkelen litt grundigare, og Setesdølen er i grunnen ikkje tjukkare enn at ein godt klarer å lese alt saman før neste nummer kjem, såg eg at det har vore blåkorsforening på Evje sidan 1915. Første året hadde dei 200 innskrivne medlmmer. Det var kvinneforening, jentelag, barnelag og handskriven avis. Heilt fram til 1994 var medlemspengane ei krone. Det er så ein mest ikkje trur det ein les. Og speidararbeidet der har ikkje kosta samfunnet noko, det er eg viss på. Opp til 110 speidarar har det vore, no er det 60.

I våre dagar er det ikkje så populært å ha ein fråhaldsstandpunkt, og mange kristne går frå å vere utan alkohol til å praktisere måtehald. Eg skulle nok helst ønske at ein praktiserte frivillig fråhald frå rusmidlar, og eg har vore erklært totalist det meste av livet etter at eg dei første vaksne åra var det i praksis utan å vere organisert. På Evje har folk altså i mest hundre år frivillig arbeidd for å gje barn og unge haldningar mot rus gjennom Blå Kors sitt speidararbeid og anna blåkorsarbeid. Det er ein frivillighet det står respekt av.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *