God betring, Astrid

Share

Astrid Nomeland ringde meg for ei veke sidan og lurte på om eg kunne få med noko om kommunikasjonskurs for par som Valle diakoniutval skulle arrangere med Kåre Nygård frå Aust-Agder familievernkontor denne helga. Sjølvsagt kunne eg det, og eg lova henne å nemne det i tysdagssendinga, då var ho oppteken og kunne ikkje kome i radioen, men onsdag kunne ho, og eg avtalte då med henne at eg skulle formidle til Ronny Stavsholt at ho kunne kome i den aktuelle timen.

Så gjorde eg det, rett nok noko seint, men Ronny lova plass til henne, og alt verka greitt. Men onsdag føremiddag då eg ringde til henne, tok ho ikkje telefonen. Seinare ringde ho tilbake og sa at ho var på sjukehuset, ho hadde brote armen kvelden før og blitt sendt ned om natta for å bli operert. Så ho bad meg høyre med Jorunn Høiland om ho kunne kome i radioen i staden, ho var og i diakoniutvalet, fortalde Astrid.

Men Jorunn kunne ikkje, og neste på lista var Gunveig, men også ho hadde andre planar for kvelden. Då ringde eg tilbake til Astrid og lurte på om ho kunne seie noko på telefonen i staden for frå studio. Og Astrid lova det, og halv sju var ho på lufta frå sjukesenga. Då fortalde ho at ho kvelden før skulle ut med noko søppel, det var rundt midnatt, og så låg det noko material som ikkje bruka ligge utanfor huset, og då fekk armen gjennomgå. Ho rekna med å kome heim på torsdag. Eg kan ikkje seie anna enn God betring, Astrid.

Kurset, som altså startar i morgon, er eit kommunikasjonskurs for par. Det er ofte at par ikkje er så gode til å kommunisere, og då kan det kome knute på tråden. Enkle køyrereglar for god kommunikasjon kan redusere konflikter i parforhold, og det kan gjere livet betre for alla partar. Slike kurs har etter kvart blitt vanlege å ha rundt om, og Kåre Nygård har lang erfaring i å arrangere slike kurs, så han burde kunne gje god hjelp til deltakarane. Prisen for kurs og mat var bare 300 kroner, så det burde vere overkommeleg for dei fleste.

Diakoniutvalet i Valle gjer ein viktig jobb med å gje hjelp i mellommenneskelege relasjonar på mange ulike måtar. Primus motor for dette har i mange år vore Astrid Nomeland, og prostidiakon Per Emanuelsen har hjelpt i diakoniarbeidet på mange måtar. I kveld hadde han til dømes sjømannskyrkjekveld på Hovden med vaflar og prat i Fjellgardane kyrkje. I helga er det altså kommunikasjonskurs for par. Diakoniutvala i Valle prestegjeld fortener ros og takk for sitt gode arbeid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *