Integrering i praksis

Share

I dag opplevde eg integrering i praksis i Valle. Det var gravferd for Pi Ka David og kyrkja var heilt full av karenarar og nordmenn og ei rekke andre nasjonalitetar. Pi Ka var avhalden langt ut over karenargruppa han var ein del av. Han var adventist og Per de Lange frå Adventistkyrkja i Arendal stod for sjølve seremonien, som nok var noko enklare enn ein til vanleg opplever i ei gravferd i Valle kyrkje. Til vanleg er det gjerne presten som går før kista ut, men her gjekk kona Nawsi fyrst og aleine, det var sterkt å sjå henne gå fyrst ut og mot grava.

Det vart lagt ned mange kransar og bårebukettar. Frå kona Naw Si var det ein vakker krans forma som eit hjarte. Guro Nordli Solbakk la ned krans frå oss som har stått Pi Ka nærast som flyktningkonsulent, lærarar i vaksenopplæringa og sjåfør. Det var og krans frå teknisk etat, pleie og omsorg, familiekoret, frå Adventkirken i Arendal, frå Åmli Karen Baptistmenighet. Også Bygland Taxi hadde blomar med helsinga «En glede å bli kjent med deg», det var helsing frå Ingrid og Gunnar på Valle Handel, frå polske venner, Gro Haatveit Hovet, Lisbeth, Halvard, Steinar og Flavia, Sigbjørg med familie og frå Bjørg og Magne Brokka Rike, som Pi Ka leigde hus av. I denne lista har eg sikkert gløymt nokre, men den skulle syne breidda i veneflokken han hadde etter vel fire år i Valle.

I kyrkja var det solosong av Mang Din Thang, ho song Hjemme i himlen, og Klo Htoo Doh, som song Precious Lord. Under minnesamværet song klassen frå Valle Vaksenopplæring Er Jesus med og ei gruppe frå Tvedestrand/Risør song og. Så var det helsing frå Marianne Brenna og Harald Haugland, som kvar på sin måte teikna eit bilete av mannen vi fekk gå saman med på livsvegen i litt meir enn fire år. Og maten var setesdalssuppe, stelt av Jorunn Lund Harstad og ris, stelt av Hser Nya Htoo. Og så var det kaffe eller te og kaker etterpå.

Pi Ka David var fyrste karenar som kom til Valle, sidan har to andre karenske familiar kome, i tillegg har det kome to chin-familiar frå Burma. Dei hadde alle ein felles kultur med vår norske, ettersom dei er kristne, og sang og musikk har vore ei god hjelp for dei til å lære seg norsk og til å bli ein del av bygda, ikkje minst gjennom familiekoret. Og så har dei teke reinhaldarjobbar, fyrst vikariat og etter kvart faste tilsettingar. Og tilbake har dei fått vener som har sett pris på dei, noko bygda synte i dag. I praksis går integrering begge vegar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *